Dette innlegget er skrevet av Anne-Mari Aalberg, leiar i Eid eldreråd. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 5. februar.

Legetime i tråd med god praksis

På Eid eldreråd sitt møte i november 2015 handsama rådet ei sak frå Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Dette omhandla eldre og deira høve til å ta opp fleire problemstillingar på ein legetime. Eid eldreråd støtta Fylkesrådet si avgjerd om å sende saka til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylkeslegen har handsama saka. «Ein generell regel om ikkje å behandle meir enn ei problemstilling per konsultasjon er ikkje i tråd med god praksis», skriv fylkeslege Per Stensland. Fylkeslegen vil ta slik praksis opp med den einskilde kommune dersom det førekjem klager av slik art.

Fylkeslegen påpeikar at legane har tidsrammer for kvar konsultasjon. ”Arbeidsmåten i fastlegepraksis er elles slik at utgreiing av problemstillingar ofte vert gjort gjennom fleire konsultasjonar”, skriv Stensland.

Eid eldreråd har vore i kontakt med Thomas Vingen Vedeld som nyleg vart tilsett i 50 prosent stilling som kommuneoverlege i Eid kommune. Han er oppteken av at alle pasientar i Eid skal kjenne seg trygge på at dei skal få leggje fram helseproblema sine for legen på ein god måte.

Ved Eid legekontor har ingen av legane slik praksis at pasientane berre kan ta opp ei enkelt problemstilling per legetime.

I tilfelle der det er fleire helseplager som skal følgjast opp, vil legen nytte den første delen av legetimen til å få oversikt over den samla helsetilstanden til pasienten. Legen vil deretter ta tak i dei problemstillingane som hastar mest innanfor dei tidsrammene ein har, og deretter setje opp ny time for vidare å følgje opp det som kan vente litt.

Eid eldreråd oppmodar alle til å vere tydeleg i kontakt med sitt legekontor. Då får ein til gode konsultasjonar som gjev tryggleik og som alle partar kan vere nøgde med