Dette innlegget er skrive av Torfinn Kråkenes og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 9. februar.

I Fjordenes Tidende 19.1 d.å. har Kjell Nøst­dal ein in­te­res­sant ar­tik­kel om opp­hav til namn på byg­de­ne i Nord­fjord.

Det som fan­ga mi in­te­res­se sær­skilt, er for­kla­rin­ga på nam­net Krå­ke­nes. Her le­nar ar­tik­kel­for­fat­ta­ren seg til for­kla­rin­ga i byg­de­bo­ka, «Sel­je, Sør- og Nord Vågs­øy» (frå 1943) av Ja­cob Aaland.

«Garden hev vel nam­net etter skje­ret Krå­ka, som ligg i nord­aust for ne­set gar­den ligg på. Skje­ret hev vel fått fugle­nam­net av di det er mør­ke­grått som krå­ka», står det i ar­tik­ke­len. Slik teks­ten er for­mu­lert, kan det tyde på at Ja­cob Aaland ik­kje var sik­ker i sin på­stand.

Den sis­te for­kla­rin­ga er nok langt meir tru­leg, enn den fyrste. I ga­mle skrif­ter, kan vi fin­ne att skri­ve­må­tar som «Krokenes», og «Krogeness».

Tru­leg vart Krokenes, om­gjort til Krogeness, et­ter­som Dansk var nyt­ta som skrift­språk i of­fent­le­ge do­ku­ment. I do­ku­ment frå 1520, finn vi at det bur éin skat­te­bon­de på «Krogeness». Frå skøy­ter til­høy­ran­de eige bruk, like til­ba­ke til syt­ten­hund­re­ta­let, og fram til om lag 1870 kan vi sjå at et­ter­namn på bru­ka­ra­ne, er «Krogenæs».

Eit stort sprang frå 1520, og fram, til og med Storskifteprotokollen av 1882, er «Krogenæs» nyt­ta som skri­ve­må­te på byg­da. In­te­res­sant er det òg å sjå at fem­te ge­ne­ra­sjon et­ter­kom­ma­rar av emig­rer­te Kråkenesarar til USA, har «Krogeness» som et­ter­namn.

Kva som kun­ne vere grun­nen til det, har eg ik­kje mak­ta å fin­ne noko lo­gisk for­kla­ring på.

Vi har vel sett at gam­mal kunn­skap, av ymse slag, kan døy ut på ein ge­ne­ra­sjon, òg nye «for­tol­kin­gar» vert etab­lert, utan rø­ter i ver­ke­leg­hei­ta. At skje­ret «Krå­ka», nord i fjor­den, mi­le­vis unna Kråkeneset, skul­le vere år­sa­ka til at ein fleire hund­re år lang tra­di­sjon med bruk av nam­net «Krogenæs», brått skul­le ver­te end­ra til Krå­ke­nes, finn eg høgst merk­ver­dig, og di­rek­te ulo­gisk.