Dette innlegget er skrive av Ingunn Byrkjedal, rådgjevar i Vågsøy kommune, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 1. mars:

Glade menneske som meistrar i Vågsøyskulen

Hausten 2015 starta skulane i Vågsøy kommune opp eit omfattande prosjekt, med prosjektnamnet: «Glade menneske som meistrar i Vågsøyskulane». Bakgrunnen for satsinga er mellom anna kunnskapen om at det er ein ting som gjeld om ein ønskjer å skape eit trygt og positivt skulemiljø som fremjar læring og meistring for alle: Det må arbeidast systematisk, målretta og langsiktig. Arbeidet må vere tufta på kunnskap.

Vi veit i dag mykje om kva som kjenneteiknar eit inkluderande og godt læringsmiljø, og utfordringa for skulane i Vågsøy er å overføre denne kunnskapen til skulen sin kvardag.

I Vågsøyskulane sin overordna prosjektplan heiter det at ein ønskjer å utvikle eit godt læringsmiljø for alle. PALS-modellen synest såleis å samsvare godt med Vågsøyskulen sine ønskjer og behov. Deltaking i PALS er eit omfattande arbeid, varer gjerne 3–5 år og røyrer ved mange.

Barneskulane i Vågsøy har 531 elevar og ca. 100 tilsette. Legg til ei stor foreldregruppe som sjølvsagt vil ha meiningar om skulen sine vegval, og ein ser at det er tale om ein stor del av befolkninga i Vågsøy. Kommuneadministrasjon og det politiske miljø er informert om prosjektet og vert sjølvsagt også ønskt inn som medspelarar.

Eg vil i denne artikkelen orientere om korleis PALS-modellen aktivt kan bidra til å auke tryggleik og positiv samhandling på skulen, og bidra til gode meistringsopplevingar hos elevar og tilsette i skulen.

Det første året arbeider PALS-skulane med fleire tema som er retta inn mot alle elevar og det vi kan kalle skulens læringsmiljø. Det er i dag barnelærdom at den viktigaste faktoren for elevane sin trivsel og læring er læraren. Det første arbeidsåret vert derfor ressursar sett inn for å utvikle ein felles skulekultur som fremjar gode relasjonar mellom lærar og elev. Målet er å skape ein kultur der bandet mellom lærar og elev vert styrka.

Dette er grunnlaget for eit levande samspel som kan skape rom for utvikling og læring. Gode relasjonar mellom lærar og elev er eit sentralt startpunkt for å utvikle eit godt læringsmiljø for alle.

Oppmuntring, ros og anerkjenning er sjølve berebjelken om skulen skal lukkast med å gje elevane meistring, sosialt og fagleg. Dette gjeld ikkje minst elevar som kanskje strevar med å få det til, som ofte opplever korleis det er å ikkje meistre.

I PALS-modellen får dei tilsette konkret rettleiing i korleis dei kan bidra til å knytte band til sine elevar, og korleis dei kan legge til rette for at elevane knyter band seg imellom. Det merkast når ein kjem inn på ein skule som har lukkast med å utvikle ein raus og positiv kommunikasjonskultur. Læringsmiljøet har eit positivt fokus, i motsetnad til å ta elevane i å gjere «feil». I dette arbeidet får læraren med seg eit knippe strategiar. Det kan til dømes brukast ord, blikk eller tommelen opp. Læraren vil forsøke å vere ein tydeleg leiar som gjev konkrete tilbakemeldingar. Alt som her er nemnt er synlege handlingar, og det merkast om dei blir gjennomført, slik det også merkast om ein let vere å gjere dei.

Ei side ved PALS-modellen som underteikna finn svært verdifull er drøftingane som skjer mellom alle tilsette og elevane. Elevar og lærarar skal diskutere kva reglar og forventningar dei har til kvarandre. Alle skular har reglar, ofte mange, men forståing og praktisering av desse reglane kan vere ulik og tilfeldig. Utvikling og innlæring av nokre få reglar skal, slik PALS-modellen legg opp til, bidra til å fremje positiv åtferd og samhandling og eit trygt og godt læringsmiljø for alle.

Fleire av skulen sine forventningar vil nettopp handle om konkrete sosiale ferdigheiter. Desse forventningane vil etter kvart bli synleggjort på skulen sine ulike område og skal aktivt brukast for å utvikle eit godt og positivt læringsmiljø. Fokus på forventningar åleine fremjar ikkje nødvendigvis respekt og ansvar.

Dette må også lærast. Elevane må involverast gjennom samtale, øving og praksis og dei vaksne må følgje det opp. I PALS-skular blir reglar og forventningar konkretisert, øvd på og iscenesett gjennom t.d. rollespel, som illustrerer situasjonar og val elevar står i. Kva skjer når eleven ikkje følgjer forventningane? Dei tilsette på skulen vil få opplæring i korleis dei kan møte elevar som av ulike grunnar strevar i læringssituasjonen og i samspel med andre. Reglar skal følgjast opp og handhevast. Grenser skal settast. Elevane vil få hjelp – om dei treng det – til å endre åtferd. Det er eit vaksenansvar å seie nei og å ta i bruk milde, kjende og føreseielege reaksjonar. På same måte som ein i fellesskap reflekterer rundt forventningar i skulen, legg PALS-modellen opp til at lærarkollegiet saman har fokus på korleis negative samspel kan stoppast og endrast.

For meg som PALS-rettleiar handlar dette utviklingsarbeidet om samarbeid, tillit, om tilbakevendande samtalar om skulen sine behov og om korleis ein skulemodell kan vere eit dynamisk og nyttig rammeverk for arbeidet med skulen sitt læringsmiljø. Nyleg publisert norsk forsking syner at PALS-modellen er verksam. Modellen førebyggjer ulike typar problemåtferd og bidreg til at meir og mindre alvorleg problemåtferd i skulen vert redusert.

Vågsøyskulane har sett i gong eit spennande prosjektarbeid. Sentralt i arbeidet vårt nett no er å stille dei rette spørsmåla: «Gjer vi det vi faktisk har planlagt å gjere?» Snakk hjelper lite. Det må handlast. På dette vippepunktet står skulane no. Underteikna har stor tru på at skulane vil strekke seg langt for å nå målsettinga: Elevane i Vågsøy skal både vere glade og dei skal meistre ut frå sine føresetnadar. Det handlar ikkje alltid om å gjere så mykje meir, men snarare om måten ein møter elevane og gjer ting på.