Daniel Henriksson frå Vågsøy Raudt har dette leserinnlegget på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Kommunesamanslåinga er ikkje ei demokratireform

Då eg først høyrde nokon seie at kommunereforma var ei demokratireform, lo eg berre.

Men eg forstod fort at dette ikkje var ein spøk, men ein taktikk frå regjeringa si side. Dette var noko som skulle bli gjenteke så mange gongar at folk til slutt skulle tru på det.

Kva er så demokrati? Ifølge Wikipedia: «Demokrati er en styreform hvor folket har vesentlig innflytelse på hva slags beslutninger som fattes. Ordet betyr folkestyre.» Ut frå denne betydinga vil eg hermed stille nokre retoriske, men fullt reelle og aktuelle, spørsmål om kommunesamanslåing og lokaldemokrati.

  • Blir lokaldemokratiet i Vanylven og Selje betre når rådhuset med alle funksjonar blir flytta til Måløy?

  • Blir lokaldemokratiet sterkare dersom det blir fleire innbyggjarar per folkevald?

  • Blir det lokale demokratiet betre om det blir større avstand mellom folkevald og innbyggjar?

Som de sikkert skjønar, meiner eg at svara på desse spørsmåla er nei. Eg kan ikkje sjå det anna enn at lokaldemokratiet kjem til å bli svekka.

Denne reforma er så langt eg kan sjå ikkje noko anna enn ei ideologisk reform frå høgresida, der målet er meir sentralisering og privatisering. At denne reforma må vere ferdig før sommaren, til trass for at det er så mykje som ikkje er avklara ennå, har også si logiske forklaring. Seinare i år skal det forhandlast ferdig mellom EU og USA om TTIP-avtala, ei avtale som rammar Norge gjennom EØS-avtala.

Neste år skal også TISA-avtala som Norge er med på forhandlingar om vere ferdig. Desse avtalane går hand i hand med kommunereforma og vil kvar for seg også føre til ei drastisk forverring av vårt demokrati. Men det får bli eit innlegg ved eit seinare høve. På måndag er det val i Selje, Vanylven og Vågsøy. Då skal vi her i Vågsøy sei ja eller nei til ei samanslåing med Selje og Vanylven. Eg håper at folk brukar sin demokratiske rett til å stemme 25. april. For lokaldemokratiet si skuld, håper eg fleirtalet stemmer nei.