Kommunestyremedlem i Selje Gunn Karin Sande (Sp) har skrevet dette innlegget:

Har seljeordføraren intensjon om å bryte kommunestyrevedtak ?

Det vart i kommunestyremøte i Selje  31. mars lagt fram eit notat frå ordførar Osdal under referatsaker : "Notat om: Referat - Lokal styringsgruppe Kommunereform 17.03.16"

"2. Vegen vidare

Det vart orientert om prosessen vidare.

 - Førehandsrøysting 16. og 23. april på 4 butikkar

 - Førehandsrøysting på kommunehuset frå dato så snart røystesedlane er på plass over påske.

 - Røystedag 25. april

 - Møte med dei andre kommunane 27. april for avklaringar av vegen vidare.

 - Evt. opinionsundersøking i starten av mai dersom Vanylven trekkjer seg frå samarbeidet pga resultatet frå røystinga.

 - Sakshandsaming/førebuing til formannskap 9. juni

- Kommunestyre endeleg vedtak 23. juni."

Notatet inneheldt ein del klargjerande fakta om korleis folkerøystinga skal gå føre seg i punkt 1.

I punkt 2 seier ordfører noko om vegen vidare – og det er her eg stiller spørsmålet om ordføraren har teke til vitande kommunestyrevedtak  KS-004/16 punkt 3 som lyder: Andre intensjonsavtaler blir å handsame tilsvarande om slike avtaler blir framforhandla.

KS-004/16 VEDTAK Pkt. 1 Selje kommunestyre vedtek vedlagt intensjonsavtale som har som føremål at kommunane Selje, Vågsøy og Vanylven vert slått saman til ei ny kommune frå 01.01.2020.

Pkt 2. Selje kommunestyre vedtek å gjennomføre ei rådgjevande folkerøysting der innbyggjarane tek stilling til spørsmål om samanslåing og spørsmål om fylkestilknyting. Folkerøystinga fylgjer dei retningslinjene som framkjem av saksutgreiinga. Formannskapet fungerer som valnemnd.

Pkt. 3 Andre intensjonsavtaler blir å handsame tilsvarande om slike avtaler blir framforhandla.

Pkt. 4 Formannskapet får fullmakt til å justere avtalen.

Etter mi tolkning av komunestyrevedtak 004/16 skal andre intensjonsavtalar handsamast tilsvarande – det vil seie at dersom ordføraren har ein plan om å lage ei ny intensjonsavtale mellom Selje og Vågsøy – så skal den ut til folket i folkerøysting.

I kommunestyremøte den 31. mars prøvde eg som kommunestyrerepresentant å påpeike akkurat denne teksten og fikk til svar at det ikkje ville vere tid til ei ny folkerøysting.

Eg vil minne ordføraren på at det frå 27. april og til kommunestyret skal  gjere sitt vedtak 23. juni faktisk er bortimot 2 månader og det er rikelig god tid til å få på plass ei folkerøysting over ei ny intensjonsavtale mellom Selje og Vågsøy åleine.

I mine auge vil det vere vel så viktig å høyre folket  i ei folkerøysting om ein samanslåing mellom berre Selje og Vågsøy som mellom Selje- Vågsøy og Vanylven , ikkje minst fordi intensjonsavtala må bli heilt annerledes enn den som føreligg i dag.

Eg oppfordrar derfor kommunestyrerepresentantane i Selje å påpeike at eit vedtak gjordt i kommunestyresalen er eit vedtak som kun kan gjerast om av eit nytt kommunestyrevedtak – og at ordføraren i Selje dermed legg opp til ei folkerøysting om det vert laga ei ny intensjonsavtale mellom Selje og Vågsøy åleine.