Dette innlegget er skrevet av Hans Johan Breidablik, fagdirektør Helse Førde. Innlegget sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 26. april.

Elefanten i Sogn og Fjordane-rommet

Tidvis kan det vere elefantar i rommet som vi ikkje ser fordi han er for stor, eller ein tek han som sjølvsagt og heller snakkar om andre ting.

Vi har ein elefant i Sogn og Fjordane-rommet som ein tidvis kan lure på om kjem i denne kategorien. Eg snakkar då om Sogn og Fjordane sin absolutt største aktør; Helse Førde. Føretaket har samla sett om lag 2.550 tilsette her i fylket, der om lag halvparten arbeider i Førde. Meir enn halvparten av desse er kvinner, og mange høgt utdanna. Dei representerer eit stort spekter av yrkesgrupper, også tekniske. Føretaket har større institusjonar i seks ulike kommunar, og i tillegg har Helse Førde tilsette ved ambulansestasjonar i fleirtalet av kommunane i Sogn og Fjordane. Føretaket er, nest etter høgskulen, den største utdanningsinstitusjonen med over 800 i utdanning årleg, heilt opp til doktorgradsnivå. Om lag 40 prosent av heile befolkninga møter føretaket årleg knytt til ulike under-

søkingar og behandlingar, gjennom langt over 100.000 konsultasjonar. Helse Førde er vidare ein aktiv part av Helse Vest-samarbeidet som samla har mellom 20.000 og 30.000 tilsette på Vestlandet. Føretaket har vore gjennom større omstillings- og moderniseringstiltak over seinare år, og er på enkelte område brukt som modell for den nye nasjonale helse- og sjukehusplanen.

I tida framover vil kvalitet inkludert pasientane sine eigne opplevingar, verte ein stadig viktigare styringsvariabel. Frå sentrale helsestyremakter si side blir føretaka premierte, også økonomisk, etter summen av ei liste med nærare 30 ulike indikatorar. Her har Helse Førde vore den klare vinnaren innanfor Helse Vest fleire gonger.

Dette, som skulle vere av avgjerande interesse for store delar av befolkninga i fylket, ser det ikkje ut til at media i fylket har fanga opp. Hadde noko tilsvarande skjedd for mindre/andre bedrifter, ville ein kanskje sett større oppslag i fylket sin rikhaldige medieflora. Så spørsmålet blir difor om elefanten er for stor og sjølvsagt til at han blir sett, også når det ikkje er noko negativt å skrive om den?

Sogn og Fjordane er eit kostbart område å drive spesialisthelsetenester i, både betinga i geografi, men særleg i eit lågt tal innbyggarar i opptaksområdet. Å produsere ein DRG, som er måleeininga, kostar difor langt meir i Sogn og Fjordane enn i nabofylka i sør, noko som må kompenserast via Helse Vest sin inntektsmodell.

Helse Førde er heilt avhengig av at kommunane i opptaksområdet er velfungerande og har kompetanse og kapasitet til å bere sitt aukande ansvar for stadig større og meir kompliserte pasientgrupper framover, særleg knytt til den demografiske utviklinga med «eldrebølgja». I debatten ser dette ut til i stor grad å drukne i diskusjonar omkring økonomi og ein tilsynelatande utbreidd tilfredsheit over eigen tenesteproduksjon.

Men enno viktigare er det som føregår i ei rekke randkommunar både sør og nord i fylket. Her er det tilsynelatande ein betydeleg iver mellom ein del kommunar til å ville slå seg saman med kommunar i nabofylka. Samla sett representerer dette eit vesentleg tal innbyggarar, og som då også kan forsvinne ut av Helse Førde sitt naturlege opptaksområde. Og når dette allereie er på grensa lågt til å kunne forsvare eit breitt spesialisthelsetenestetilbod i dag, kan det ende opp på nivå med Helse Finnmark der DRG-kostnaden er endå langt høgare enn i vårt fylke. Ei slik utvikling vil truleg også kunne bety kroken på døra for Sogn og Fjordane, slik fylket har vore. Så om «huset» rundt elefanten blir borte, kan det også tenkast at denne må legge ut på vandring? Dette bør ein kanskje også reflektere meir over i dei prosessar som føregår rundt omkring i kommunane.

I kommunane vert nær halve budsjettet nytta til helse- og omsorgstenester. I åra framover vil behovet for helsetenester vekse. Frå brukarperspektiv er det viktig at kommunane også vurderer kva konsekvensar vala dei no tek har for framtidig tilgang på helsetenester, og for rekruttering av viktig personell i fylket.