Regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, har skrive dette lesarinnlegget:

Utelivsbransjen treng armslag og føreseielegheit

For at reiselivet framleis skal kunne vere ein motor i sysselsetting og integrering, treng serveringsbedriftene forutsigbarheit kring skjenketider.

I desse dagar reviderer mange kommunar dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine. Eitt av punkta som blir diskutert er skjenketid, altså kor lenge kommunen sine serveringsstadar skal kunne tilby alkohol.

I følgje alkohollova har den einskilde kommune rett til å utvide skjenketida til klokka 03.00. NHO Sogn og Fjordane meiner at kommunane ikkje bør strame inn, men opne for at utelivsbransjen skal kunne skjenke fram til klokka 03.00.

Årsakene til dette er fleire, men her er tre:

For det første er eit godt serverings- og utelivstilbod viktig for bulyst og trivsel i kommunane våre. Ei utgreiing om serveringsbransjen frå 2014 viser at innbyggjarane sin kvardagsbruk utgjer heile to tredeler av den samla serveringsetterspurnaden. Og den sosiale relevansen av eit godt utelivstilbod er særleg viktig for dei unge. Om ein kommune ønskjer å halde på og jamvel trekkje til seg nye innbyggjarar, må den altså legge til rette for eit godt utelivstilbod.

For det andre er eit godt restaurant- og utelivstilbod viktig for å bygge ein attraktiv turistdestinasjon. Å oppleve norsk natur og nyte lokal mat og drikke er ifølge Innovasjon Norge si turistundersøking dei to mest ettertrakta punkta for utanlandske turistar i Norge. Mange turister, særleg dei unge, vil også utforske nattelivet når dei kjem til nye stader. Stengde dører klokka 02.00 eller tidlegere vil skuffe mange. Å utvide skjenketida, særleg i periodar med stor turiststraum, vil bidra til å styrke utelivstilbodet vårt. Det kan igjen føre til auka turisme.

Sist, og kanskje viktigast av alt: Lengre skjenke- og opningstid kan få fleire i arbeid og gje auka inntekter til kommunen. Reiselivet er Norges største ungdoms- og integreringsnæring. 1 av 3 som jobbar i næringa, er under 24 år, og nærare 40 prosent har utanlandsk bakgrunn. Sjølv om reiselivet opplever sterk vekst i verdiskaping og tal sysselsette, merkar næringa dei økonomiske nedgangstidene. Ikkje minst i ein slik situasjon er det viktig med føreseielege rammevilkår som stimulerer til vekst og auka lønsemd. I vanskelege tider må kommunane legge til rette for at fleire kjem seg ut i arbeid. Reiselivsnæringa vil gjerne bidra, men då må også verktøyet vere på plass. I denne saka er det politikarane i kommunane som sit med nøkkelen til verktøykassen.