Dette er eit innlegg frå Oddfrid Jørgensen i Selje.

Mannen min lever takka vere ambulansen i Selje

No må dei som styrer, slutte med å øydeleggje mitt lokalsjukehus. Berre dei får leggje ned, ropar dei på luftambulanse, men vi i ytre Nordfjord har snakka om veg og avstand.

No opplevde vi for andre gong at vi ikkje fekk luftambulanse til Selje, på grunn av vêret, då livet hang i ein tynn tråd.

Men takka vere dyktige folk i Selje-ambulansen og Eid lokalsjukehus lever mannen min i dag.

Eg har ein bønn til dei som styrer: Bruk godt gamaldags bondevit.