Lokallaget for Norsk Lektorlag ved Måløy vidaregåande skule har skrevet dette innlegget om rektorsituasjonen ved skulen:

Rektorstillinga ved Måløy vidaregåande skule

Norsk Lektorlag (NLL) ved MVS ser med uro på at rektorstillinga vert utlyst på ny, og at elevar og tilsette må starte eit nytt skuleår utan fast tilsett rektor. Avtroppande rektor sa opp stillinga i februar, og utlysinga kom medio april med søknadsfrist 2. mai.

Det burde vere unødvendig å gjennomføre nesten full tilsetjingsprosedyre, for så å lyse ut på ny. No er situasjonen den at det blir starta opp nytt skuleår utan rektor. Det blir for lettvint å berre seie «vi har alltid ein fungerande rektor…» når ein av dei tre kvalifiserte søkjarane allereie kunne vore fast tilsett og klar til å ta fatt på det nye året frå 1. august.

Norsk lektorlag ved Måløy vidaregåande skule meiner at skulen er kommen i ein unødvendig uheldig situasjon, og ber om at ny rektor kjem på plass så snart som råd.