Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane har skrive dette innlegget.

Ny NHO-måling: Storleiken tel!

Eit fleirtal av kommunane i Sogn og Fjordane har betydeleg framgang i årets Kommune-NM frå NHO. Som i fjor har kommunar med positiv utvikling sterk framgang dvs. dei rykker mange plassar oppover på den nasjonale rangeringslista. Det er dei større kommunane som har framgang. Desse representerer 63 prosent av befolkninga i fylket.

NHO sitt Kommune-NM rangerar norske kommunar og regionar etter 21 indikatorar som speglar vekstkraft og attraktivitet for næringslivet. Indikatorsettet er utvikla i samarbeid med Vista Analyse.

Sogn og Fjordane har tre kommunar inne blant dei 25 beste. Det er Sogndal, Leikanger og Førde, alle med solid framgang i 2015. Sogndal er eit regionalt senter med høg del sysselsette i varehandel og privat tenesteyting. Det er den markerte framgang på demografiindikatorane som fører Sogndal høgt opp, medan Leikanger er landets beste på kompetanse. I Leikanger jobbar over halvparten av dei sysselsette innan offentleg administrasjon. Næringsstrukturen i Førde (i likskap med Sogndal) skil seg i høve andre kommunar i fylket med låg del sysselsette i primær- og sekundærnæringa og høg del i tenesteyting innan mellom anna helsesektoren.

Førde scorar best på arbeidsmarknadsindikatorane, medan framgangen kjem innan næringslivsindikatorane. I motsetnad til andre fylke har Sogn og Fjordane nokre mindre kommunar som gjer det relativt sett bra på nokre indikatorar (Leikanger, Gulen, Fjaler, Aurland, Hornindal). Grunnen er at dei fleste av småkommunane i fylket har høg del sysselsette innan industri eller primærnæringar og scorar godt på mange av arbeidsmarknadsindikatorane.

Fylket sin nest største kommune er industrikommunen Flora med ein klar tilbakegang. Det er den svake utviklinga på arbeidsmarknaden som bringar Flora ut av topp 100-lista. Kommunen har det siste året hatt sterk auke i ledigheita, sjukefråveret samt sterk nedgang i del sysselsette i privat sektor. Flora er den kommunen i fylket som har fått merke mest til nedturen i petroleumsbransjen.

NHO sitt Kommune-NM samanliknar stoda dei siste fem åra, men nytt av året er at vi har målt næringslivsvariasjon i kommunane. Denne er basert på breidda i sysselsetting etter NHOs næringsinndeling i NHOs økonomibarometer. Flora er kommunen med størst breidde i næringslivet, der ingen av næringane har større sysselsettingsdel enn 15 prosent, medan t.d. Torsken kommune på Senja i Troms er kommunen med mest einsidig næringsliv med 50 prosent sysselsette innanfor næringsmiddelindustrien.

Kommunen med høgast del sysselsette innan reiseliv er Aurland (berre 1 755 innbyggarar) som held eit stabil høgt nivå, men scorar svakt på kommunal økonomi slik som dei fleste andre småkommunane i fylket.

Kommunen som går flest plassar fram er Naustdal (+88 plassar) med relativt sett betydeleg befolkningsvekst og innflytting. Kommunen som går flest plassar tilbake er Gaular (-61 plassar). Den har befolkningsnedgang og utflytting og har dårleg score på mange indikatorar bortsett frå arbeidsmarknadsindikatorane. Gode tal på arbeidsmarknad skulle tilseie betre plasseringar på andre indikatorar. Utviklinga på arbeidsmarknadsindikatorane er ofte leiande for resultata for Kommune-NM fram i tid. Gaular sin nærleik til Førde har sjølvsagt stor betydning.

NHO Sogn og Fjordane har tidlegare i år delt fylket inn i fire regionar (Firda, Nordfjord, Sogndal og Lærdal) fordi vi meiner at dette ville vere den optimale inndelinga for vekst og utvikling. Vista Analyse har brukt denne inndelinga i analysen sin, noko som blant anna viser at Sogndals-regionen (Sogndal, Vik, Balestrand, Leikanger, Luster) har gått fram hovudsakeleg på grunn av betringar i den kommunale betalingsevna og auke i kommunale kjøp av private tenester. Leikanger gjer det år etter år samla sett bra. Det er fordi kommunen har ein stor del kompetansearbeidsplassar knytt til offentleg administrasjon. Ser ein på ein av indikatorane knytt til næringsliv hamnar Leikanger heilt nede på ein på 415.-plass av landets 428 kommunar. Leikanger er altså den kommunen med lågast del av privat sysselsetting.

Lærdalsregionen (Lærdal, Aurland, Årdal) er den regionen i fylket med mest tilbakegang. Fellestrekk for regionane som har hatt størst tilbakegang er at dei har spreidd busetnad og stor avstand til dei største sentra/byane. Alle regionane som har gått mest tilbake ligg i Sør-Norge. Lærdalsregionen har gått mest tilbake på næringslivsindikatorane på grunn av redusert næringslivsvariasjon og at befolkningsveksten har snudd frå positiv til negativ.

Når det gjeld Nordfjord, ser vi at fire av kommunane har noko framgang, og to har tilbakegang. Nordfjordeid gjer det desidert best samla, og plasserer seg på ein 84.-plass av landets 428 kommunar. Som elles i fylket er det i stor grad den høge andelen som jobbar innan industri eller primærnæringane som slår positivt ut også for kommunane i Nordfjord. Men med unntak av Hornindal, der industrien gjev eit ekstra løft, blir også Nordfjordkommunane løfta av mange tilsette innan offentleg tenesteyting. Felles for dei fleste er at indikatoren kommuneøkonomi er svak, og den blir svakare dess mindre kommunane er. Hornindal og Selje kjem såleis ekstra dårleg ut. Vi ser også at desse to kjem dårleg ut på området kompetanse. Her kjem Eid best ut, med Gloppen, Vågsøy og Stryn i rekkefølgje bak.

NHO har tidlegare foreslått å delt inn Kommune-Noreg i 77 storkommunar, der Sogn og Fjordane har fire kommunar; Nordfjord, Firda, Sogndal og Lærdal. Med ei slik innretning er det verd å minne om at Nordfjord ville plassert seg som nr. 33 av landets 77 kommunar.

I år som i fjor er dei kommunane som hamnar i botnen av tabellen små kommunar. Dei 30 svakaste kommunane i landet utgjer berre 0,5 prosent av befolkninga, medan dei 30 beste kommunane utgjer 42 prosent av befolkninga i landet. Vi meiner at det er ein tankevekkjar når så mange seier nei til kommunesamanslåing. Her i fylket ser det ut som vi kan få ei runde nr. to i kommunereforma. Så spørst det om Fylkesmannen er tøff nok i framlegget sitt til departementet, og om nei-kommunane vil lytte til Fylkesmannen. Vi håpar at både kommunane i Nordfjord, Sogn og Sunnfjord igjen vil sjå på mulegheita for å bygge sterkare kommunar og regionar før fristen er ute. Dei har alle mykje å hente på å tenkje større eining. Det fortener både folk og næringsliv!

Men trass alt så er ikkje kommunane i Sogn og Fjordane så hardt ramma som kommunane elles på Vestlandet. Det har å gjere med at nedturen i petroleumsbransjen ikkje har ramma fylket like mykje sidan fylket ikkje fekk anna enn smular frå den stor oljekaka. Den blei hovudsakleg delt ut til Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. For næringslivet i fylket gjeld det no å satse friskt og hardt på dei moglegheitene framtida vil opne opp for av nye næringar, både ved gründerskap og knoppskyting frå eksisterande verksemder. Her må også kommunane bidra med å legge til rette for den veksten og utviklinga som skal skapast. Gode rammevilkår er eit must også for framtidsnæringane.