Dette innlegget er skrive av Daniel Henriksson i Raudt i Vågsøy:

Klatreparken er ikkje alt

Raudt har registrert svar frå Ap ved Therese Gjerde angåande vårt innspel om Torget. Vi ser at Ap reagerer på bruken av ordet «kvasiløysing», brukt om Ap sitt forslag om fleire mindre stasjonar som alternativ til klatreparken. Vi meiner kvasiløysing er ei presis beskriving av det forslaget som klatrepark-nemnda enda på. Men det er heilt uinteressant å diskutere orddefinisjonar. Det viktige er innhaldet. Om dette er ei god løysing.

Gjerde påpeikar at sjølv om vi takkar nei til gåva på 250.000 til delfinansiering av klatrepark, så kan vi bygge den seinare. Er det verkeleg aktuelt for Vågsøy kommune å bruke 750.000 på mindre leikeapparat i denne omgang, og så legge ut nye 750.000 på kommunen sin del av klatrepark om nokre år? Vi tviler. Det blir i alle fall ei fordyrande løysing.

Ap hevdar det blir dyrt å legge klatreparken til Torget. Det har vi aldri sett noko utgreiing på. Dyrare er det kanskje, men dyrare enn kva? Og kva summar er det snakk om? Dette bør bli, eller burde vore, greia ut. Vi ynskjer likevel å poengtere: Raudt sitt innspel i denne saka handla i hovudsak ikkje om klatreparken, men om Torget og om sentrum som heilskap. Vågsøy må tenke langsiktig og legge nokre planar for kva slags sentrum vi ynskjer å ha.

Vi kjem nok ikkje i mål verken i år eller til neste år, men med ein langsiktig plan kan vi vere sikre på at kvar krone som vert lagt i sentrumsutvikling blir lagt etter ein plan. Nettopp i forbindelse med sentrumsplanen som no skal lagast syns vi at ein diskusjon om Torget, og i den forbindelse kanskje klatreparken, høyrer heime. Dette vil sjølvsagt koste pengar. Og dei veks ikkje på tre. Men kor mange millionar vart ikkje lagt ned på Torget då det vart vedtatt bygt? Gjorde Vågsøy kommune det for at det skulle stå tomt og visne vekk?

Alle byar med respekt for seg sjølv må ha (minst) ein skikkeleg park. Nokre benkar og bord, ei sandkasse eller eit dissestativ – berre noko så lite ville betra situasjonen mot det vi har i dag. Kva meir kunne vi klart? Vi håpar, framleis, på ein god diskusjon rundt Måløy sentrum og Torget. Vi har ikkje fasiten på ein slik diskusjon, men vi har lyst å delta. I lag med andre parti og ikkje minst innbyggarane i Vågsøy.