Svein Hansen, leiar i Sjukehusaksjonen Nordfjord har skrive dette innlegget.

Vi treng ei forklaring, del 2

Vi treng ei forklaring Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune. Du stiller spørsmålet til legane om samfunnsansvar, eg trur dei fleste tar det ansvaret. Problemet er slik eg ser det, at dei skal «styrast» av få personar utan erfaring som legar. Felles for dei er at dei har særinteresser i dette opplegget. Dette går framfor eit optimalt helsetilbod. Eg viser her til diverse møter i Oslo av deg og Jon Bolstad. Kva er agendaen? Kva er det optimale helsetilbodet for deg i Nordfjord? Når ein les i Nasjonal helse- og sjukehusplan er det vel ein fordel at pasienten skal ha kortreist veg i helsetilbodet, eller? Du nemner også om det er rett bruk av pengane når det gjeld dei akutte kommunale sengene på sjukehuset. Kanskje det har vore på sin plass og tatt ein total gjennomgang om dette er rette og beste bruken av desse pengane.

Du stiller spørsmålet: Kva vinn Hornindal innanfor helsetenester på å vere i Volda? Reint utover at det er der Ingebrigtsen har heimstadadresse. Ein kan då stille spørsmålet, kva med alle dei som jobbar på Nordfjord sjukehus. Der er mange som har heimstadadresse Førde. Eg skjønar godt legane i Hornindal, kvifor reise til Førde to timar og tjue minutt i staden for 20–25 minutt til Volda. Kvifor til Volda i staden for legevakta på Eid. Har du ikkje lese rådet i planen om kvalitet, pasientsikkerheit og kvalitetsstyring? Sitat: «Det viktigaste er kvalitet. Det må være full openheit om kvalitet. Pasientopplevd kvalitet må veie tyngre -likeverdig med medisinsk kvalitet». Sjukehusaksjonen sit med fakta frå det som blir opplevd i kvardagen. Vil du påstå at du og dei som du samarbeider med i denne saka tek omsyn til denne teksten? Eit døme frå den verkelege verda i «grenselandet».

Tenk deg Alfred, det er du som no er pasienten, i Hornindal. Du kjem til legen, det er sterk mistanke om at du har akutt blindtarmbetennelse. Legen vil sende deg direkte til Volda, men du kan velje legevakta i Eid. Eller du kjem på legevakta i Eid, der det blir konstatert det same. Vedkommande lege vil sende deg til Førde, eg vil tru at det som mange gangar før blir ein heftig diskusjon. Du vil vise til at det er dobbelt så langt å reise til Førde. Dette gjeld sjølvsagt også oss som bur og har adresse Selje og Vågsøy.

Er det rett at det er ein lege som sit i Førde og langt vekke frå deg som pasient som skal bestemme. Som kjent kan blindtarmbetennelse vere ein lumsk affære, blir den akutt kan den raskt bli livstrugande. Og ting kan utvikle seg raskt. Ifølge statistikken er det ikkje mange av desse gjennom året. Men denne gangen er det deg det gjeld, det er du som er i denne statistikken, det er ditt val. Kva veg vel du å reise? Eg håper for oss alle at du vel rett veg.