Namn: Erling Kostøl Amdam Alder: 22 årSivilstand: singelYrke: studentBustad: Trondheim, men kjem frå Selje

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er mest oppteken av fotball og studier akkurat no. Eg har akkurat byrja på nye studier, og fotball har rett og slett alltid interessert meg.

– Kva gjer du på fritida? – Akkurat no slapper eg av mykje, og skal til å byrje med amerikansk fotball.

– Kven beundrar du? – Mor mi, heilt utan tvil. Ho har haldt ut med alt det eg har gjort opp i gjennom tida.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Naturen. Det er utan tvil den mest fantastiske plassen i verda.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Selje kommune får mykje pengar til jobb, utvikling og utdanning.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Då hadde eg opna bassenget på skulen i Selje, fordi det er ein ting alle born har bruk for.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Malakoff no i sommar. Mange folk og eit liv utan like.

– Kva har du på nattbordet? – Nattlampe, lommelykt og mobilen min.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – VG, Facebook og fjt.no.

– Kva er meininga med livet? – Det er det ingen som veit. For min del er det å ha eit godt liv omringa av folk eg er glad i.