Dette innlegget er skriven av Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane:

Fleire jenter må velje teknologifag

Skal vi henge med i den teknologiske utviklinga må fleire jenter utdanne seg innan teknologi, både på yrkesfag, fagskuler, universitet og høgskular. Verda er i endring. Vi står ovanfor store, globale utfordringar innan helse, urbanisering, miljø og klima. Og det skjer fort.

Vi er i gang. Norske bedrifter utviklar stadig nye løysingar, men konkurransen er tøff. Skal Norge ta ein sterkare posisjon i utviklinga framover, treng vi endå fleire kloke hovud og dyktige hender som vel teknologiutdanning. Vi treng også fleire studieplassar innan desse faga.

I Norge i dag er det berre 17 prosent av alle dei som uteksaminerast frå norske universitet og høgskular som har studert matematikk, naturfag og teknologi. Det er langt lågare enn i land vi liker å samanlikne oss med som Sverige, Finland og Tyskland.

Dette til tross for at NHO sine medlemsbedrifter skrik etter denne kompetansen. Skal vi få opp andelen teknologar, og få dei beste hovuda og hendene må vi rekruttere talent frå heile befolkninga. I dag er delen jenter i fleire av desse utdanningane særs låg.

Til dømes er berre 22 prosent av alle ingeniørstudentane i Norge jenter. I yrkesfaglege utdanningar som elektro, teknikk og industriell produksjon og bygg- og anleggsfag er tala betydelig lågare. Innanfor fagområdet naturvitenskapelege fag, handverksfag og tekniske fag ved fagskulene er berre 6 prosent av studentane kvinner.

Skal vi få fleire jenter til å velje teknologifag må dei møte desse faga tidleg i skuleløpet. Barn og unge bør få bruke sin kreativitet og skaparemne til å løyse problem og lære korleis teknologiske produkt blir til allereie frå tidlig alder.

Vi har bruk for eit krafttak i skulen for å sikre at alle barn i grunnskulen skal få undervisning i teknologi og koding.

Det krev større investeringar i etter- og vidareutdanning hos lærarar og investeringar i teknologiske utstyr. Skal vi få fleire jenter til å velje teknologifag må foreldre sette seg godt inn i dei mulegheitene som er i dag og gje dei unge håpefulle gode råd om å ta framtidsretta val, til tross for at disse mulegheitene ukjente for eigen del.

I ei ny undersøking NHO har gjennomført seier eit fleirtal av foreldre med barn i ungdomsskolen at det er viktig for samfunnet at fleire jenter vel utdanning innan teknologi, men at dei treng meir informasjon om utdanningar innan teknologi og kva slags yrker dette kan føre til, for å kunne ta stilling til om dette er noko for sitt barn.

Utdanning.no, vilbli.no, rollemodell.no og så vidare gir god informasjon om utdanningsmulegheitene som er i Norge. På alle nivå i utdanningssystemet. Skal vi få fleire jenter til å velje teknologifag må karriererettleiing som skjer i skulen i dag fornyast.

Rettleiinga må i større grad kunne gis digitalt. Unge som treng rettleiing om utdanningsval må settast i stand til å ta informerte val i eit arbeidsliv i endring.

Det sett krav til at karriererettleiinga oppdateres med kompetansebehovet i arbeidslivet. Rettleiinga må også bidra til et mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad. Skal vi få fleire jenter til å velje teknologifag treng vi å synleggjere fleire gode rollemodeller.

Frå forsking veit vi at gode rollemodellar er viktige når det gjeld jenters val av realfagsutdanning. Norsk næringsliv har behov for heile spekteret av teknologar. Både dei med fagbrev, fagskuleutdanning, høgskule/universitetsutdanning og doktorgrad. Nå må vi saman få med oss jentene.