Denne leiaren stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 27. september.

Den nytilsette direktøren i Nordfjord Hamn, Kjell Fagna, har mange utfordringar å ta tak i når han overtek ansvaret for hamnene i Nordfjord.

Nordfjord Hamn er eigd av fem kommunar og henta i fjor inntektene sine i Vågsøy (85 prosent), Stryn (12), Gloppen (2), Selje (1) og Eid (under 1).

Dette er ei nøtt som den nye hamnedirektøren må finne ei løysing på. I mange år har det vore indre uro i hamneselskapet med tunge personalkonfliktar. Nokre har vore innom rettssystemet.

Den nye hamnedirektøren har store vyar. Det er bra. Skal hamnene i Nordfjord utvikle seg så bør ein tore å tenkje nytt og stort. Og sjølv om ikkje alle alltid får viljen sin, så bør kommunane halde saman. Fagna var med å utvikle Mongstad til landets største forsyningsbase. No vil den nye hamnedirektøren prøve lokke offshoreindustrien til Nordfjord.