Raudt Vågsøy har skriven dette innlegget om kommunereforma:

NEI til tvang. Raudt støttar Selje!

Raudt Vågsøy tek avstand frå fylkesmannen sitt forslag om å tvinge Selje til å slå seg saman med Vågsøy. Respekt for folkemeininga og det kommunale sjølvstyret er bærebjelkar i vårt demokrati. Sett ein dette til side går samfunnet eit stort steg i feil retning.

Veit ikkje folk i Selje sitt eige beste? Jo, sjølvsagt veit dei det.

Dei har berre skjønt at dei står i fare for å få endå større problem med å oppretthalde tilboda i utkantane når dei blir styrt frå rådhuset i Måløy.

Heile kommunereforma er ei sentraliseringsreform som skal legge til rette for auka privatisering og såkalla velferdsprofitørar i mykje større grad. Som kjent er Raudt ikkje representert i Selje. Hadde vi vore det ville vi krevd at kommunestyret både viser og organiserer motstanden mot dette tvangsforslag frå fylkesmannen.

Fakkeltog og folkemøte er gode måtar å få fram slik motstand på.

Men heller ikkje Vågsøy si befolkning har sagt ja til ei samanslåing med Selje. Vårt einaste alternativ var ja eller nei til Selje, Vanylven og Vågsøy.

Ingen har rett til å tolke den førre folkerøystinga som at folket har uttalt seg om Selje/Vågsøy alternativet.

Dei politikarane som vil gå vidare på den vegen fylkesmannen foreslår utan ei ny folkerøysting, dei er tilhengarar av tvang.

Sånn er det med den saken.