Dette innlegget er skrive av Jan Heggheim, fylkesdirektør kultur og næring, og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 14. oktober:

Bør næringslivet uroe seg?

Senter for digitalisering ved BI har gjennom ei spørjegransking slått fast at norske (og svenske) bedrifter ligg langt etter amerikanske og asiatiske konkurrentar når det gjeld å dra nytte av digitalisering. Korleis er stoda her i eigen region? Og om det stemmer her, kva kan vi gjere med det?

Dei fleste av oss lever med smart-telefonar, nettbrett og berbare PC-ar kvar dag. Vi brukar appar til å betale rekningar, finne ferjeruter, levere sjølvmeldinga, sjå TV og mykje meir. I Norge var 85 prosent på internett via mobilen førre månad. Skandinavar er mellom verdas mest digitale brukarar. Så då er vel næringslivet også i same divisjon?

Ragnvald Sannes og Espen Andersen ved Institutt for Strategi ved BI har i ein kronikk slått fast at norske leiarar ligg etter på framdrift i digitaliseringa, dei overlet slike saker til IT-leiinga i bedrifta, og brukar det meste av IT-budsjettet til å halde ved like gamle system, framfor å skaffe seg nye. Dei same leiarane lever med trua på at dei er i fremste rekkje. Det er ingen grunn til å tru at situasjonen er annleis i Sogn og Fjordane.

Digitalisering er ikkje å flytte analoge skjema og arbeidsmetodar inn i datamaskina. Digitalisering betyr ofte heilt nye arbeidsmetodar med utgangspunkt i digital teknikk. Tankegangen der vi nyttar IT for å stø den «ordentlege» produksjonen er i ferd med å bli gammaldags. IT kan vere kjernen i produksjonen, sjølve drivkrafta, årsaka til at vi vinn ei kontrakt. Det krev investeringar, og IT-budsjetta kan då ikkje handsamast som kostnadspostar åleine. At toppleiarane og styremedlemmane framleis kan tillate seg å skryte av manglande IT-kunnskap, bør få alle varsellamper til å blinke. Digitalisering er ikkje lenger å lage sine eigne, skreddarsydde program, men like ofte å setje hyllevarer saman til løysingar som bedrifta sparar tid og kostnader på.

For ordens skuld: Digitalisering blir like avgjerande i offentleg sektor, her er allereie teke ut store gevinstar, men mykje står att, også her. Kravet til leiarane i stat, fylke og kommune er det same.

Kva kan vi så gjere her heime? Eg trur vi må starte med å få opp kunnskapen, forstå. Næringsdagane 2016 handla for det meste om digitalisering, men få bedriftsleiarar var til stades. Nokre av dei som var der, vart overraska og tenksame. Næringslivet etterlyser møteplassar. Neste omgang med næringsdagar i mai neste år handlar om det grøne skiftet. Sjølve omgrepet er for mange vorte ein floskel. Sjølv er eg sikker på at det som vert omtalt som grønt skifte har svært så mykje digitalisering i seg. Vil vi bruke dette kunnskapstorget?