Dette innlegget er skrive av LHL Sogn og Fjordane, og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 14. oktober:

Responstid

Responstid må stå i sentrum når Helse Førde skal vurdere ambulansetilbodet i Sogn og Fjordane. Målet må vere å få hjelp så fort som mogeleg. Det skal ikkje vere kommunegrensane som avgjer tilbodet når ein naudmelding kjem til AMK-sentralen, men vi fryktar at økonomien er ei av drivkreftene for drastiske kutt og at dette kan bli ein gjennomgåande trend i Helse Vest.

LHL har tidligare påpekt uro for signala som Helse Førde har gitt om å kutte drastisk i ambulansetenestene i Sogn og Fjordane. Dette skaper utryggleik i kommunane.

For hjerte- kar- og lungesjuke er tidsramma ofte knapp og det hastar å kome raskt til sjukehus, og etter LHL si meining er det størst berekraft i at personar får rask hjelp for å kunne kome raskt tilbake til god helse og arbeid.

Det har dei siste par åra vore fokus på hjerneslag. Det har vore eit viktig mål at folk skal lære å kjenne teikna på dette. Det hjelp lite når responstida for ambulanse vert forlenga og kan føre til at pasienten kjem seint til sjukehus, CT-scanning og behandling.

LHL kan ikkje akseptere at dårlege pasientar skal få enda lenger ventetid på hjelp, verken i Sogn og Fjordane eller andre stader. Norge har mange fjell og fjordar, smale og svingete vegar som det ofte tek lang tid å komme fram på. Når vi no ser at det vert meir ekstremvêr, gjer ikkje det situasjonen bedre. Ved mange høve vil ikkje luftambulansen, som er sårbar i dårlig vêr, kunne rykke ut.

Landsmøtet i LHL har påpeikt at det må settast eit felles krav til responstid i Norge. Eitt for tettbygde strøk og eitt for område med spreidd busetnad. Dette bør vere, som i NOU98, henholdsvis 12 min. i byar og tettbygde strøk og 25 min. i utkantane. Det er lite hjelp i å legge mykje arbeid i opplæring i livreddande førstehjelp, dersom avstanden til ambulanse likevel gjer at ein ikkje når fram til sjukehus i tide. Ein kjede er aldri sterkare enn det svakaste leddet.