Roald Solheim frå Ålfoten har skreve dette innlegget:

Hjorteforvaltinga på ville vegar?

Det er kommunen som styrer den lokale viltforvaltninga etter signal frå Miljødirektoratet (MD). Kommunen gjev påbod om at eit stort tal småkalvar skal skytast årleg, men at mora, det gode avlsdyret, for all del ikkje må skytast.

Skyt fjordyr og einslege gjeldkoller (koller som er sterile) i staden! Slikt blir det kjøt og framtid av! Dette påbodet er ei saftig sjølvmotseiing. Drep du kalven, vert mora med det same eit einsleg dyr, og på den måten lovleg vilt. Dei fleste brukar kikkertsikte. Ei kolle med mist kalv kan lett bli vurdert som ei gjeldkolle – og skoten. Eller ho blir vurdert som ei fjorkolle (1,5 år), og skoten av den grunn.

Med få sekund til rådvelde er det ikkje alltid enkelt å sjå skilnad på ei einsleg eldre kolle og på ei einsleg fjorkolle. Du har ikkje andre dyr å samanlikne kolla med. Driv vi med systematiske kalvedrap, med tap av gode mordyr som klar konsekvens, skadar vi heile hjortestammen.

I gamle dagar freda mange jaktlag både kalven og mora. Den som likevel kom i skade for å skyte ein kalv, eller ei kalvkolle (mordyret), vart erta med flir, fyndord og frekke merknader. Å vere kalvekverkar var ei skam. Ein slik kar var kvar manns niding. Han var ingen jeger. Dersom udåden gjentok seg, vart det drøfta om dugløysa i det heile skulle få vere med vidare i jakta. Kanskje var det best at han heldt seg innandørs? Ikkje særleg vakkert, men likevel svært effektivt.

Det vi oppnådde med kalvefredinga, var at kalven, som oppheld seg i nærleiken av mora, fortalde jegeren utan ord at her har du ikkje lov til å skyte. Vi er freda vilt! Kalvefredinga var ein framifrå garanti for at dei gode avlsdyra fekk leve vidare. Kalvefreding er viltstell på sitt beste. Kalveskyting er meiningsløyse.

Noko av det triste med norsk viltforvaltning i dag er at rådgjevarane har blitt så «kloke» at dei ikkje spør dei gamle grunneigarane, og slett ikkje høyrer etter kva dei seier. Dei «ansvarlege» vil ikkje forstå at å drepe ein kalv, i røynda er å drepe mora i same slengen. Ein sauebonde som årleg slaktar dei beste avlsdyra sine, er ingen klok gardbrukar. Han er ein tankelaus amatør. Om kort tid vil han gå frå gard og grunn. Mannen må finne seg eit anna yrke.

Dei som øydelegg den norske hjortestammen med påfunna sine, bør også sjå seg om etter noko anna å fordrive tida med.Så ei sann soge til slutt: Tidlegare i haust spurde eg ein kommunal konsulent korleis ein i kikkerten kan sjå skilnad på ei einsleg gjeldkolle og ei einsleg kolle som har mist kalven sin. Jau, svara den gabardinkledde: Det ser du på vekta! Ha ein fortreffeleg dag vidare!