Ane Barmen (bildet) er skodespelar og frilans skribent. Ho bur i Oslo, men kjem frå Vågsvåg og hadde denne kommentaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Til gamlis-ungdommen

Hallo, du gørre ungdom. Du som sit der med tekoppen din. Du som vil sitje heime på laurdagskvelden og lese bok i staden for å drikke klissete cider på fest og kline med folk du ikkje kjenner. Du som er stuptrøytt etter klokka ti og heller vil legge deg tidleg med varmeflaske på føtene. Du som vil gå med fornuftige joggesko framfor sexy stiletthælar. Du som heller vil sitje i sofaen og klappe hunden enn å reke ute på kveldstid.

Denne teksten er til deg: for å fortelje deg at du ikkje er den einaste i heile verda som er sånn, og for å gje deg von om ei betre framtid. Du er ikkje åleine, og du er ikkje kjip. Du er berre utruleg gammal til sinns. Men det er håp: di tid vil kome, du keisame ungdom. Og den tida kjem rundt dei åra du bikkar tredve.

Dei magiske tredveåra ligg framfor deg og blenker som Vågsfjorden i solskin – dei fredelege tredveåra då dei rundt deg tek deg igjen og heller vil ha rolege middagar heime framfor å stå og skrike til kvarandre på eit overfylt dansegolv. Dei velsmakande tredveåra då venane dine oppdagar matlaging og byrjar å trylle fram dei mest fantastiske rettar dei inviterer deg til å ete opp. Dei praktiske tredveåra då du berre ler av jentene med berre anklar i tjue minus medan du dreg dine eigne tjukkelabbar godt oppetter leggane og nyt å vere varm.

Alle andre blir like keisame som deg og vel praktisk framfor kult. Fornuftig framfor spanande. Varm rumpe framfor miniskjørt. Det er i denne tida du vil bløme, du som skammar deg over kor sliten du blir av puben. Det er no ditt sosiale liv ramlar på plass, då alle andre endeleg er einige i at det verkeleg ER hyggelegare å føre ein roleg samtale heime i stova enn ravande i ei taxikø midt på natta, og då vorspielet heime varer heile kvelden fordi det aldri er like kjekt når ein går ut.

Tredveåra er heimefestanes tid. Tredveåra er middagsselskapas og tidlege kveldars vedunderlege fase. Tredveåra er då vi introverte, ukule menneske kjem heim. Dette blir æraen då du endeleg ser bra ut fordi du no har forstått kva du kler. Dette blir tida for interessante jobbar fordi du endeleg har opparbeidd deg nok røynsle til å få skikkelege tilbod. Dette er stunda då du har mista nokre vener undervegs, men sit att med kremen av bra folk du vil ha i livet ditt. Dette er dagane då bullshitfilteret ditt har blitt så høgt at du ikkje lenger gidd finne deg i kva som helst og du tør å vere sur og vanskeleg. Og Gud nåde meg kor herleg det er.

Tredveåra er vegen, sanninga og lyset. Det er hit du skal. Og truleg blir det berre betre etter dette. Det er berre å gle seg.