Namn: Trude Refvik

Alder: 52 år

Sivilstand: gift med Geir Ove, tre voksne born og eitt barnebarn.

Bustad: Raudeberg

Yrke: ekspeditør på Vinmonopolet, salsfremmar i Orkla Confectionary

– Kva er du mest oppteken av? – Familie, vener og trening. Det å gi av meg sjølv for at familie og vener skal ha det bra gir meg ein godheitsfølelse.Trening gir meg energi.

– Kva gjer du på fritida? – På fritida går eg ein tur på fjellet om vêret tillet det. Elskar også eiy godt måltid rundt bordet med mine nærmaste.

– Kven beundrar du?– Tante Billa, 96 år, sprek og livsglad, en herleg person å vere saman med.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Nærleik, naturen og tryggleik. "Alle kjenner alle", mange flotte fjell, og andre turer å gå på,  og trygge omgjevnadar.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Nord Vågsøy Kulturhus blir ei moderne og ny storstove for heile kommunen.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag? – Ville gjort det eg kunne for at kommunens eigendomar og bygningar blei vedlikehaldt og teke vare på. Det blir i lengda for dyrt å la ting forfalle, for å rive og bygge nytt.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Tall Ship i Måløy 2008. Det var ei fantastisk oppleving.

– Kva har du på nattbordet? – Mobiltelefonen (som vekkerklokke).

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – VG, Facebook, NRK, Snap og Vêret.

– Kva er meininga med livet?– Mitt motto er "Eg har tenkt å leve medan eg gjer det.” Ingen veit kva morgondagen bringer. Det er viktig å leve og nyte.