Rådmann Knut Ove Leite i Vågsøy kommune har skrive dette innlegget:

Vågsøy kommune sitt budsjettforslag

I samband med innlegg i Fjordenes Tidende frå Senterpartiet med flere, er det rett å presisere følgjande om rådmannen sitt budsjettframlegg.

Administrasjonen i Vågsøy driv ikkje med spåmannskunst. Våre tal er henta frå Statsbudsjettet. Vågsøy er for 2017 tildelt 188 millionar kroner i rammetilskot inkludert skatteutjamning og basert på Finansdepartementet si prognose vil vi få 154 millionar i skatt. At skatt og skatteutjamning i 2016 blir cirka 4 millionar høgre enn i opprinneleg budsjett, skuldast at Finansdepartementet for 2016 undervurderte skatteveksten for landet.

Vidare foreslår Senterpartiet ein auke i skatteinntekter på 1,5 millionar i 2017. Dette vert knytt til lokal aktivitetsauke. Utfordringa er at Vågsøy kommune som lavinntektskommune ikkje får behalde lokal skattevekst. Om vi har høgre auke enn landet, vert dette om lag tilsvarande redusert i  inntektsutjamninga.  Vi får skatteutjamning for å heve oss frå 88 prosent av gjennomsnittet (100 prosent) til  94,5 prosent.

Alternativt må auken skje i skattevekst for landet. I tilfelle må Finansdepartementet si prognose vere feil.

I rådmannen sitt framlegg er det foreslått balanse gjennom i 4-års perioden å tømme disposisjonsfondet med 16 millionar, tømme pensjonsfondet med 38 millionar og auke eigedomsskatten med 7 millionar frå 2018. Samstundes er det gjort framlegg om å redusere utgiftene mellom anna med nedlegging av to skular. Det er ikkje økonomisk berekraftig å fordele dei årlege kulla på cirka 60 elevar på 5 skular som no.Dette er sjølvsagt inga optimal løysing, men det blir ikkje betre av å sette inn usikre inntekter og halde på utgiftsnivået.

Kommunen sine utgifter er på dei fleste område godt under tilsvarande kommunar slik at dette er krevjande. Skulle vi for eksempel bruke det same som Bremanger på administrasjon, skulle vi nytta 21 millionar meir per år. På skule 27 millionar meir og på pleie og omsorg 55 millionar meir.