Dette innlegget er skrive av Kjell Nøstdal:

Til forhandlingsbordet!

Kommunane Selje og Eid har nyss forhandla fram ein intensjonsavtale om å slå seg saman frå 01.01.20.

Dette synest eg er ei modig og framsynt lokalpolitisk handling, og eg trur semja og samarbeidet vil føre til vidare vekst og framgang for dei to kommunane.

Men ein kommune manglar; Vågsøy burde sjølvsagt ha vore den tredje parten i avtalen!

Eg trur at dei tre kommunane no står ved eit avgjerande – kanskje historisk – vegval, som sterkt vil påverke framtida til innbyggjarane i Ytre/Midtre Nordfjord.

Dei som er kritiske til ei evt. samanslåing, vil kanskje hevde at næringsgrunnlaget – og dermed næringslivet – i kyst- og fjordbygdene er for ulikt, og at det vil kunne skape skadelege spenningar og konfliktar i ein framtidig storkommune.

Mi tru er at eit mangfaldig og variert næringsliv tvert imot kan verte ein styrke, og at ulike bedriftskulturar kan utfylle og berike kvarandre i eit fruktbart samvirke, som kan frigjere bundne krefter. Samarbeid i ein større fellesskap kan løyse ut ny vekstkraft og auka verdiskaping.

Jamvel om eg er kritisk til fleire sider ved den pågåande kommunesamanslåinga, ser eg at større einingar – styrkte gjennom betre statleg finansiering – vil kunne sikre innbyggjarane betre offentlege tenester i framtida. Kommunane vil verte sterke og attraktive nok til å rekruttere dugande sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, lærarar, økonomar og ingeniørar, og dei vil vere i stand til å byggje gode fagmiljø. Ein sterk offentleg sektor og ei stø kommunal forvaltning vil også gagne næringslivet.

Difor trur eg det vil vere klokt og ansvarleg om politikarane i Vågsøy, Selje og Eid no gjer endå eit forsøk på å forhandle fram grunnlaget for ei samanslåing.

Lett blir det ikkje. Selje og Eid har ein ferdig forhandla avtale, og finn det sjølvsagt problematisk å rive opp i han. Men skal dei få med Vågsøy, lyt dei invitere til reelle forhandlingar, utan fastlåste standpunkt og ultimative krav.

Ein evt. ny trepartsavtale må vere tufta på gjensidig tillit og omforeinte standpunkt, der både Vågsøy, Selje og Eid må føle at dei blir høyrde og forstått, og at dei har vunne fram med rimelege krav og ønske.

Dette er ambisiøse mål, men ikkje unåelege. Der det er vilje, er det også veg.