Ane Barmen hadde denne kommentaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Vi har fått oss ny TV, han er enorm og såleis, etter mitt syn, utruleg stygg. Sjølv om eg likar å tru at eg og mannen er eit relativt moderne par er vi deprimerande kjønnsrollestyrt når det gjeld dette med teknikk. Hans tilnærming er: dess nyare, større og dyrare, dess betre. Mi tilnærming er: så lite som mogleg, takk.

Og no før jul meinte altså mannen at det var på tide at vi fekk oss ny TV.

«Men den gamle funkar jo?» sa eg. «Ja, men den er så liten», sa han. «Den er no ikkje så liten» prøvde eg. «Jau, eg klarar ikkje å sjå noko som helst», sa han. «Kanskje du skal sjekke synet ditt?» sa eg. «VI SKAL HA NY TV!» sa han. Greitt. Vi skulle tydelegvis det.

Den fyrste TV-en eg hugsar var ein bitte liten tjukk-TV heime i Vågsvåg på åttitalet. I helgane brukte mamma å bere han inn i senga og setje den i fotenden, og så åt vi skjever og såg på Frokost-TV med Toppen Bech. Ein gong slutta han å funke, men pappa monterte på ein ny knapp på sida, og så funka han igjen. Han funka faktisk så lenge at eg fekk han med meg på hybel då eg flytta heimanfrå.

Min fyrste eigen TV kjøpte eg då eg var 16 og tjukk-TV-en frå Vågsvåg hadde takka for seg, etter tjue års teneste. Eg og venninna mi gjekk på butikken for å kjøpe ny den 11. september 2001 og trudde det var ein eller annan actionfilm som blei vist på alle skjermane, med fly som krasja inn i Tvillingtårna. Fyrst då eg kom heim og hadde fått vigla antenna inn i riktig posisjon og den same actionfilmen flimra over skjermen forstod eg kva som faktisk hadde skjedd.

Eg brukar TV-en heilt annleis no enn før, som dei fleste i min generasjon. Den tida då eg sprang heim frå skulen for å rekke Dallas, eller skunda meg heim frå musikkøving for å nå Ally McBeal og Friends er for lengst forbi. Vi har ikkje hatt vanleg, lineær TV på fleire år, vi ser alt via nettet og når det passar oss. Somme klagar over utviklinga, men det ER ikkje til å kome frå at det er veldig greitt å kunne sjå ting når du vil, og ikkje måtte stresse heim for å rekke ditt eller datt. Men det er ein ting eg saknar sårt med fortidas TV-ar: dei små, kjekke storleikane.

Greitt at dei var tjukke, men dei var ikkje så innmari store. Dei tok ikkje opp halve stoveveggen, liksom. Men som eg sa til meg sjølv då vi var på Expert og mannen sprang rundt med stjerner i auga og valde seg verdas største TV: ekteskapet er eit einaste stort kompromiss. Eg bestemmer fargar, puter, gardiner, pledd, tapet og bilete i heimen. Han bestemmer TV-en. Det går sånn nokolunde opp, vel?