Dette lesarinnlegget er skrive av Per Bj. Molnes og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 21. februar.

Ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, har ingen problem med at ein flyttar arbeidsplassar ut av Oslo kommune.

Det er lett å få gehør på bygda mot Oslo-makta.

Les innlegget frå Bjørlo her.

Eg veit ikkje kva Bjørlo hadde gjort om det kom ein beskjed om at arbeidsplassar skulle flyttast frå Eid, men i minnet mitt kan eg hugse at protestar også er kome frå Eid, når det står om å flytte arbeidsplassar frå Eid.

Eg synest ikkje det er noko rart at Oslo kommune protesterer mot flytting av arbeidsplassar ut av Oslo. Det ville vere rart om dei ikkje gjorde det. Alle kommunar ville protestert.

No skal Eid kommune til å slå seg saman med Selje kommune, og då reknar eg med at Bjørlo går inn for å flytte kommuneadministrasjonen frå Eid til Selje.

Eg er sterkt i tvil om innbyggarane i Eid ville like det, men for ordførar Bjørlo er det, slik eg oppfattar det, ei kurant sak.

Eg gjekk ein gang på eit leiarkurs, og då bad kursleiaren oss om å gå litt til sides, og sjå på oss sjølve.

Kva er det ein ofte ser då?