Jostein Nygård har skrive dette innlegget:

Florø og resten av verda

Det er nokon som prøver å få oss til å tru at Kystvegen er ein lokal veg mellom Måløy og Florø. Namnet er Kystvegen Ålesund-Bergen. Den er såleis ein nasjonal veg, uansett kva vedtak politikarane kjem til å gjere.

Heilt sidan vegen via Magnhildskaret vart opna har ein måtte køyre via Førde for å komme seg sørover. Å køyre fleire mil austover for å komme seg sørover har såleis både vågsøyværingar, bremangerar (inklusiv kalvågarar) og florøværingar måtte finne i. Det vart ikkje betre av at ein eksbremangar overtok klubba i Førde, og innførde bompengar for å passere gjennom vegkryssa. Eg skal vurdere å tilgje han dersom han står på for Kystvegen slik at eg får oppleve å køyre sørover utan å køyre innom Førde. Her trur eg faktisk eg òg har med meg florøværingane.

Men kva er det slags politikarar de har i Florø? Trur dei at vi som kjem nordafrå synest det er greitt å bli tvinga til å køyre ein omveg på 5 km via Florø for å komme oss vidare sørover? No når vi endeleg har eit håp om å sleppe å køyre gjennom Førde. Først vil de tvinge vågsøyværingane til å gjere som de seier. Når det er gjort, så aukar sjølvsagt presset på bremangerane. Slikt samarbeid har eg ikkje tru på. Eg får lyst til å sitere avlidne Bondevik: Eg er djupt såra og vonbroten.