Rune Nordbotten har skrive dette innlegget:

Isolasjon eller samarbeid

Det vert brukt sterke ord i innlegg om kva trasé som skal velgast for Kystvegen.

Av enkelte ser det ut som kortast veg til sjukehus er einaste viktige kriterium. No vert vegen til Førde innkorta ved begge alternativ, men med ni minutt ulik reisetid. Helse Vest kan vel dokumenter alvorlege avvik og mottiltak om så er. Er det alvorleg, vert folk stort sett frakta med helikopter og ikkje langs landevegen.

Når ein no skal velge trasé, må ein tenke langsiktig og ikkje berre nokre få år fram i tid. Bremanger kommune har eit synkande folketal og enno meir synkande barnetal. Det burde skremme meir enn ni minutt ulik reisetid til sjukehus.

Ein 45-minuttsregion var/er eit mål, men kor mange unge i dag vil busetje seg i Bremanger for å pendle 53 eller 62 minutter til Førde? Sannsynlegvis veldig få. Dei vil heller busetje seg i Førde og pendle til Bremanger.

Derimot når reisetida mellom Svelgen og Florø/Måløy vert under halvtimen, er det litt meir innafor rekkevidde. Når ein dertil frigjer område til bustadbygging og industriformål, som kan rekkast innan 15-20 minutt, vert det langt meir interessant å busetje seg i kommunen.

Skal næringslivet utvikle seg og få dei beste synergieffektane er kortast mogleg avstand i kystregionen Måløy-Florø viktig. Her ligg Bremanger midt i smørauget. Fylket har store naturressursar som Norge og verda er avhengig av. Det er på trappene gruvedrift ved Førdefjorden. Her er ressursar som kan verte eksportert og dumpa i Førdefjorden. Eit alternativ er å vidareutvikle ressursane i vårt kystområde. I Svelgen finst kunnskap på utvinning av viktige råvarer til høgteknologisk industri.

Når det gjeld kostnad og utbygging av veg, er det rimelegast og gjev best effekt for sammfunnet å byggje parsellen Sørdalen-Florø i eitt prosjekt. Såleis er Terøy-alternativet betre enn Grov. Byggjer ein ut strekninga i fire parsellar vert det dyrare, og svært lenge til Kystvegen vert ferdig. Til dømes den siste parsellen frå Haukå-Grov vert nok ikkje høgt priortert, då der er veg med gulstripe og den er relativt ny. Vert ikkje den utbygd like fort som resten sit Svelgen attende med like lang reisetid til Førde som ved Terøy-alternativet.

Kostnadane er stipulert til 500 millionar i forskjell, men feilmarginen er på 40 prosent. Dei detaljerte løysingane vil kome seinare når val av strekning er tatt, og då kan dei ulike løysingane, brulengde og anna verte endra. Det kan utgjere langt meir enn 500 millionar.

Samfunnsnytta av å korte ned reisa mellom Svelgen og Florø med 28 kilometer er større enn 500 millionar, med den levetida ein slik veg skal ha. Reknar ein 300,- kr. i timen og 1.000 bilar i døgeret er det spara 50 mill ionar kvart år. Så kjem åtte millionar i redusert drivstofforbruk. Minst det same i redusert slitasje av bilmateriell. Då har eg ikkje rekna inn at ein stor del av trafikken er tungtransport og næringsliv. Så verdien av ei slik innkorting er meir enn 70 millionar i året. Med auka trafikk og alt innrekna kan det fort dreie seg om 150-200 millionar i året. I det lys er 500 millionar for ingenting å rekne.

Siste kjende trafikkmønster er at 60 prosent av trafikken går til Florø i dag. Då er det litengrunn til å hevde at det vert mindre reisande til Florø enn Førde ved Terøy-alternativet.

Det ligg eit stort potensial i korta ned reisetida mellom Svelgen og Florø ved ny veg til Florø via Terøya. Det er faktisk stor miljøvinst også. Og kortare veg til flyplass. No må vi stå saman med nabokommunane slik at vi kan få same utvikling på kysten som nabofylka.