Dette innlegget er skrive av Jostein Eimhjellen:

– Styret jobbar imot eigne målsettingar

Etter det siste vedtaket arbeider no styret i Kystvegen imot eigne målsettingar i selskapet.

Reidar Sandal har i media lenge vore klar på at ein ikkje kunne gå for dei dyraste alternativa for Kystvegen. Det er ei  stor utfordring å skaffe finansiering til brua vi treng over Nordfjorden. Ifølgje trafikktal så er det i kombinasjon med Grov-alternativet i sør ein får nok trafikk til at vi ein dag kan klare dette.

Kvifor går då fleirtalet i styret for 45-minuttsregionen inn for å byggje det kostbare Tærøy-alternativet i staden?

Dette er underleg av fleire grunnar. Men vi ser sjølvsagt at det er kravet frå Florø til Vågsøy, i samband med planane for den «grenselause» kyst-kommunen, som spelar inn. At vår ordførar og Jorunn Frøyen frå Kalvåg ynskjer at Bremanger blir tvinga in i ein slik kommune er ikkje vanskeleg å sjå.

Når det gjeld arbeidande styreleiar Reidar Sandal, så er det sjølvsagt litt vanskeleg om han skulle stemme i mot ein veg som han ser fleirtalet i styret ynskjer at han skal jobbe for.

I Vågsøy er det ønskeleg med Grov-traseen, men kva skal dei gjere når den framtidige «storebroren» i Kinn kommune har bestemt dette for dei? Er dette eit forvarsel for Vågsøy om korleis framtida kan utarte seg, der dei vil bli styrt frå det nye rådhuset i sør?

Selskapet kystvegen Måløy–Florø A/S (45-minuttsregionen) sitt mål, som er lansert på heimesida til selskapet, er å få ein bu- og arbeidsmarknadssregion med cirka 50.000 menneske mellom kommunane Vanylven, Selje, Vågsøy, Eid, Bremanger, Flora, Naustdal og Førde, der ein skal få 45 minutt køyretid mellom dei ulike sentera i regionen.

Grov-løysinga tek vare på denne visjonen, sjølv om avstanden frå Svelgen til Førde blir 53 minutt. Grov-traseen harmonerer også med Statens vegvesen sit traséframlegg for kystvegen Ålesund–Bergen som då gjev kortast veg nord–sør.

Om styret no med Tærøy-trasé endrar målet med selskapet til å i hovudsak knytte Flora til Måløy, så burde det vore ei generalforsamling først, der dei 13 kommunane som er aksjonerer i selskapet får vurdert om styret handlar i samsvar med eigerane sine interesser.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at Førde og Naustdal som har gått inn med pengar i selskapet, ikkje synast denne nye strategien er noko å applaudere for. I Bremanger er det stor misnøye med den jobben våre representantar har gjort, der dei med sit val går mot fleirtalet i kommunen. Vi bør her ta til etterretning at vår ordførar har sagt i media at han som styremedlem i eit A/S, ikkje er bunden til å stemme i samsvar med kva kommunestyret eller folkeviljen i Bremanger seier.

I dag pendlar 6 prosent av alle i fast arbeid busett i Florø til arbeid i Førde med ei reistid på 55 minutt. Dette er omlag same reisetid som ein med Grov-alternativet får Svelgen-Førde.

Byggjefirma og ulike føretak har trass i dårleg veg forretning samarbeid på aksen Svelgen–Florø–Førde i dag. Det er dette vi vil forsterke. Opne grenser og gode vegar i alle retningar er vekstfremjande anten det er mot ytre, indre, nord eller sør.

Førde har elles 9.000 arbeidsplassar, som kan vere av interesse for enkelte, der gjerne berre ein i familien har fått lokal jobb av interesse i Bremanger.

For Kystvegenen Ålesund–Bergen så var rådmannen I Bremanger si innstilling at vi skulle gå for vegvesenet sitt fornuftige traséframlegg, og saka skulle bli behandla i kommunestyret i forrige veke. Om alle hadde fått lov til å stemme hadde vegvesenet si innstilling blitt vedteke. For enkelte var det så viktig at Reidar Sandal måtte få presentere kyststyret sitt alternativ, at saka vart bestemt utsett til eit ekstraordinert kommunestyremøte.

Her blir det no Reidar Sandal si oppgåve, på vegne av styret, å tale ned vegvesenet sitt traséframlegg til fordel for kyststyre sitt alternativ. Mogleg det er litt underleg at ingen frå vegvesenet er med på dette møtet for å kommentere det arbeidet ein stor kvalifisert fagstab har arbeidd med i eit år.

Vi kan legge til grunn at det er fagleg kunnskap rundt vurderingane som vegvesenet har gjort. Men det er vel litt meir usikkert kva bransjekunnskap Jorun Frøyen og vår ordførar har på området?

Før ein eventuelt skal vrake vegvesenet si tilråding til fordel for ein Tærøy-trasé kunne det til dømes vore interessant å vite korleis ein slik veg er tenkt finansiert?

For 45-minuttsregionen har det tidlegare vore lagt til grunn 50 prosent brukarfinansiering. Som busett i Svelgen kunne det vore greitt å vite kva ein Florø-tur ville koste meg i framtida. Frå Kalvåg sin ståstad er spørsmålet truleg ikkje så vesentleg, sidan det truleg er raskast og ta båtruta når ein skal til Florø. Det er også vesentleg  å få vite kor mange år vi må vente før vegen blir realitet. Snakkar vi om 20 eller 30 år frå no?

Skal vi kome vidare med vegplanane må kyststyret spele på lag med vegvesenet sitt traséframlegg for kystvegen Ålesund–Bergen, og alle kommunane må no stå samla rundt den opphavelge planen med 45-minuttsregion. Det er ikkje mogleg at Flora skal få særbehandling som går på bekostning av alle andre.

Elles ser det heldigvis ut til at Vågsøy no har tenkt å høyre på kva folket i kommunen meiner, og legge Kinn-planane litt på vent. Eg trur vi alle no erkjenner at ein slik storkommune ikkje kan vurderast før vegane er på plass.

Bremanger kommunestyre vil i dag stemme for Grov-alternativet. Forhåpentlegvis vil Vågsøy gjere det same seinare i veka.

Dermed er vi på rett veg for å få bru over Nordfjorden.