Dette innlegget er skriven av Anders Solheim Økland (19), ungdomsvaraordførar i Flora kommune.

Vågsøy, sei ja!

Tysdag den 21. mars 2017 tok Flora bystyre ei historisk avgjerd, nemleg å slå seg saman med Vågsøy til Kinn kommune. Torsdag håpar eg kommunestyret i Vågsøy kjem fram til same slutning. Under debatten i Flora var det motstridande meiningar, slik det også vil vere i det kommande møtet i Vågsøy. Eg var ein av dei som talte sterkt  for samanslåing, og det av fleire grunnar. Denne saka har naturleg nok vore høgt oppe på agendaen til Ungdommens bystyre i Flora kommune, og vi har alle saman kome fram til ein felles slutning: vi ynskjer ein felles  kommune med Vågsøy!

I tillegg til at reforma vil gje moglegheit til å løyse slike problem, vil ein i den nye kommunen også legge grunnlag for eit sterkare og meir koordinert næringsliv. Uansett om ein trur at nedgangen i oljesektoren er permanent eller midlertidig, er det inga tvil om at havet kjem til å vere vårt livsgrunnlag i lang tid framover. Oppdrett, fisk, forsking, alger, tang og medisin. Dette er berre noko av dei mange rikdommane  og moglegheitene som ligg opne for oss. Vi i Ungdommens bystyre Flora er sikre på at Kinn kommune vil vere ein mykje meir attraktiv stad å vende heim til og heimflyttarane vil verte møtt av ein framtidsretta arbeidsmarknad.

Vågsøy, sei ja!