Elevar og føresette ved Eid ungdomsskule har difor sendt ut følgjande brev til politikarane i hovudutval for opplæring, som avgjer saka i eit møte komande onsdag:

Konsekvensane blir dramatiske for elevane i Eid dersom politikarane onsdag 29. mars vedtek tilrådinga frå fylkesdirektøren i saka om justering av opplæringstilbodet for 2017-18. Vi ber om at politikarane opprettheld to klasser på Vg1 studiespesialisering ved Eid vidaregåande skule, heiter det i brevet.

Vi er sjølvsagt klare over at det i år er oversøking til idrettsfag ved Firda og undersøking til studiespesialisering ved Eid. Nedgangen i elevtalet er stor frå 2000- til 2001-kullet her i Eid. Men det er framleis grunnlag for to parallellar studiespesialisering ved Eid vgs.

For to år sidan, skuleåret 2014/15, var det tre vg1-klasser studiespesialisering på Eid. Dette vart redusert til to klasser på vg2, noko som gav negative konsekvensar for fleire elevar. Ein gjekk tilbake til to vg1-klasser, dette verkar riktig dimensjonert. Men no er det altså plutseleg foreslått ei halvering av dette. Kontinuitet i skuletilbodet er viktig for elevar og føresette. Tilrådinga er det motsette, og skaper uvisse og uro hos elevar og føresette.

Andre- og tredjeønsket til elevane, kan no bli mykje viktigare enn det vi tenkte då skulesøknaden vart sendt for berre nokre veker sidan. Elektro og studiespesialisering er dei største tilboda på vg1 ved Eid vgs. Elektro har stor oversøking med heile 42 søkjarar til 24 plassar. Mange ungdommar kjem dermed ikkje inn der. Med studiespesialisering som andreønske, men berre ei klasse her, endar ein ganske så uventa opp med tredjevalet.

Viss fleire elevar må gå på andre- og tredjeønsket sitt, vil færre klare å fullføre utdanningsløpet. Fleire må også ufrivillig / ubudd flytte på hybel, kanskje så langt borte som til Sogn. Dette gjeld nok dei med dårlegast karakterar - som også er minst motiverte og klare. Vi trur fleire vil droppe ut av skulen, fråfallsprosenten vil auke. Dette er dramatisk for ungdommane.

Ei klasse studiespesialisering vil gje elevane eit mykje smalare tilbod i programfag på vg2 og vg3. Dette kan slå negativt ut på fleire måtar. Færre tilbod kan gje mindre motivasjon, arbeidslyst og meistring, og det kan også gå ut over satsinga på realfag og gjere elevane dårlegare fagleg rusta til høgare utdanning.

Idrettsfag er eit smalare studieførebuande tilbod enn studiespesialisering. Ei ny slik klasse på Firda skal altså erstatte den nedlagde klassen i studiespesialisering på Eid, foreslår fylkesdirektøren. 30 færre elevar i Nordfjord tek studiespesialisering dersom framlegget blir vedteke. Det er ikkje utenkjeleg at dette blir tredobla dei komande tre åra, sidan det er fare for at det blir berre ein parallell også på vg2 og vg3. Vi synest det er merkeleg at idrettsfag blir auka opp, endå meir dersom ein òg tek med landslinja skiskyting. Dette var ikkje slik vi oppfatta intensjonane i og med skulebruksplanen.

Vi ber politikarane om å oppretthalde tilbodet ved Eid vgs (to klasser studiespesialisering) og Firda vgs (ei klasse studiespesialiserande og ei idrettsfag), til beste for elevane i regionen.