Dette innlegget er skrive av Nils-Jørgen Sagebø frå Svelgen, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 28. mars:

Sånn heilt på tampen og for eiga rekning

Det haglar inn med lesarinnlegg og artiklar om kystvegtrasé og kommunesamanslåing frå nær sagt alle hald og i alle media no om dagen, og eg kjenner at eg blir provosert – eller kanskje når eg kjenner etter, litt forbanna, av mykje av det som kjem til uttrykk.

«Frank Willy Djuvik var tydeleg provosert over Bremanger sitt klare nei» kan ein lese på nrk.no/sf. «Ein må godt gje Bremanger litt meir tid for å få dei med frivillig. Men det kan ikkje vere slik at Bremanger sine særinteresser får hindre nasjonale verdiar og nasjonale moglegheiter for Kinn kommune», seier han. Kommunane Flora og Vågsøy har gjentekne gangar og over lang tid sagt at «Vi respekterer Bremanger sitt val, men…», for så, like ofte i ulike samanhengar, å trekke fram at ein ønskjer å få med Bremanger.

Kommunestyret i Bremanger beslutta i desember 2015 at vi var best tente med å stå åleine. På tross av dette vedtaket, kom spørsmålet om å delta i forhandlingane opp på nyåret i år. I mitt parti, Ap, har vi trass dette, hatt ein ryddig og bra prosess i spørsmålet om å delta i desse forhandlingane. Det enda med at årsmøtet sa eit tydeleg (2/3 fleirtal) nei til å delta. Kommunestyret i Bremanger gjorde så eit tilsvarande vedtak. Til tross for dette, fortset sentrale politikarar i Flora og Vågsøy å presse på. Dette er ikkje å respektere Bremanger sitt val! Det er respektlaust!

Folk sine grunnar til motstand mot kommunesamanslåing er forskjellige. Slik er det òg i Bremanger. Her legg dei fleste mest vekt på at vegane er dårlege og vi har fysiske hindringar i form av ein lang og djup fjord og høge fjell. Men ver klar over det folkens, kommunereforma er først og fremst eit ideologisk prosjekt som er basert på ei førestilling om at større einingar kan løyse oppgåvene meir effektivt enn små einingar, og der interkommunalt samarbeid er ein styggedom som held på å utradere lokaldemokratiet.

Denne vrangførestillinga, for det er det det er, har no breidd om seg så til dei grader at det minner om ein slags kollektiv massesuggesjon med nærmast fanatiske proporsjonar, der motstandarar og skeptikarar nær sagt blir framstilte som idiotar som ikkje veit sitt eige beste.

Flora har tilsynelatande heilt ukritisk, vedteke samanslåing til tross for at dei då vil bli ein del av ein todelt kommune utan felles grense, med fleire timars reisetid mellom dei to sentra. Korleis i all verden skal det føre til effektivisering og betre tenester for innbyggjarane, som er det som er målsettinga med reforma? Eg kan rett og slett ikkje forstå at ein kan finne på å gjere dette. Vågsøy har etter forslag frå Høgre, torsdag kveld bestemt å utsette vedtaket i ei veke. Eg håper dei tenker seg godt om og kjem til den konklusjon at dette ikkje er ein god ide.

Problemet (som særs få ser ut til å interessere seg for), er at det ikkje finst nokon som helst dokumentasjon på at større kommunar (idealet i reforma er minst 15.000 innbyggjarar), vil bøte på dei problema vi står over for. Tvert i mot, finst det ein heil del dokumentasjon, mellom anna frå Danmark, på at det motsette kan bli resultatet.

Gjentekne norske undersøkingar viser og at innbyggjarar i små kommunar er meir tilfredse med tenestene dei mottek, enn folk i store kommunar.

I Europa har ein gjennomsnittleg kommune ca. 5.000 innbyggjarar. Eg kan ikkje sjå logikken i at vi i Norge, som eit av dei mest grisgrendte og tynt befolka landa i Europa skal bli meir effektive og betre for innbyggjarane å bu i, med å vere tre eller fire gangar fleire?

Vidar Grønnevik skreiv i eit innlegg i Firdaposten for nokre veker sidan om «eit veksande dilemma», der han set søkelyset på at mindre enn 10 prosent av folket er medlem i eit politisk parti, og at vi derav har eit stort demokratisk underskot der nokre få bestemmer over mange.

Det har han heilt rett i og det er all grunn til å frykte at dette ville ha forverra seg i vår sfære dersom ei samanslåing av Flora, Bremanger og Vågsøy vert ein realitet.