– Eg meiner at skal ein frakte dynamitt på vegane, så kan ein gjere det på tider der det er mindre trafikk.

Strømmen bur i Eid og jobbar i Rugsund, og brukar derfor sambandet Stårheim-Isane dagleg. Onsdag blei han ståande igjen på Isane ferjekai etter at 15.40-ferja til Stårheim gjekk frå kai med lågare passasjertal enn vanleg grunna dynamittransporten.

– Det skjer ikkje så ofte at ein blir ståande igjen, men det er voldsomt irriterande når det skjer.

Han reagerer også på sjølve fastsettinga av eit passasjertal som er akseptabelt på ferje under transport av sprengstoff.

– Regelen med redusert passsjertal, kva synest ein er høveleg tal passasjerar som skulle gå med dersom dynamitten skulle eksplodere? Er det 20 eller 60? Det er snålt, det er jo ein risiko. Kor mange er eigentleg passeleg at ein utset for denne risikoen, spør Strømmen.