Deformeringa av eit suksessfylke

Sogn og Fjordane har vore sjølve utstillingsvindauget for smådrift her i landet. Kvifor kan ikkje suksessoga få halda fram? I staden vert det i løpet av berre éin stortingsperiode gjort vedtak som kraftig kan deformera fylket. Kvifor avvikla ei regional eining som støtt kjem best ut på statistikkane? Samstundes ligg det an til ei destruktiv omdandering av kommunekartet etter alt frå manglande innbyggarinvolvering via bruk av tvilsame gulrøter, skremselspropaganda og tvang til det som grensar til rein galskap.

På nyåret i fjor nytta kommunalminister Sanner sitt inntil då simplaste knep for å pressa gjennom prestisjeprosjektet sitt. Trass tidlegare lovnader om at ingen skulle tapa på å seia nei, dreiv ei svart sky over landet i form av nytt inntektssystem. Kommunar tok til å virra rundt for å finna seg ein partnar snøggast råd, elles vart det sveltihel. Tryggleiken som ligg i INGAR, inntektsgarantien, heldt ministeren & Co. klokleg kjeft om. I indre Sunnfjord kom folkerøystingane innan den verste panikken hadde lagt seg og før regjeringa sitt forlik med Venstre gjorde at sjølv dei verst råka fekk straffa halvert. No veit vi også at det distriktsfiendtlege framlegget vil verta reversert ved eit regjeringsskifte. Dei særs knappe Ja-fleirtala i Gaular og Jølster hadde nok difor tippa andre vegen om folket hadde røysta berre stutt tid seinare.

Sogn såg ut til å skjera klar av kommunereforma, men det var før «Tvangsgutane» slo til. Medan Friviljugsvedtaket frå 1995 framleis har vore gjeldande, presiserte også sitjande Stortingsfleirtal at alt skulle vera basert på reell frivilje. «Reell» burde jo tyda at korkje økonomisk strupetak eller det som verre er skulle kunne verta nytta for å få fart på sakene. Slik vart det altså likevel, men det var ikkje nok for fusjonsfantastane. Eit knippe stortingspolitikarar frå H, Frp og V skreiv i februar ei liste. Balestrand og Leikanger var av dei som vart råka i fyrste omgang. Ofra verka så vilkårleg utvalde at ei otte for å lida same lagnad breia seg over landet. Den forsterka seg då desse «privatpraktiserande» tingmennene sist i mars plutseleg proklamerte tvang også for 4 kommunar i Troms.

Selje sitt nei til Vågsøy burde ha vore ei stadfesting av framleis sjølvstende. Til å stogga slike fridomstanker har Sanner sine svorne svovelpredikantar. Aldri i moderne tid har Fylkesmennene vorte nytta så aktivt for å pressa gjennom ein politisk idé. Som eit gufs frå det forhatte embedsmannsveldet gjekk det ut bod frå «Amtmannen» at Selje laut vera budd på med tvang å hamna under naboen i sør. Difor vedtok dei heller «friviljug» å kakka seg på lag med Eid. Snøggaste kronglete og lange ferd «innanriks» i denne konstruksjonen går ikkje berre gjennom Vågsøy, men for dei fleste også via Møre og Romsdal.

I Vågsøy låg nok også tvangsspøkjelset i bakhovudet då det var klart for førebels siste akt i dette absurde teater, men den doble kjøttvekta til Flora fekk folk flest til å syna skepsis til den fjerne friaren i sør. Då kom Sanner i kjent stil på banen og ropa for n’te gang ut siste togavgang. «Stakkars dei som då vert ståande att på perrongen». Om ikkje reformstønad, statlege arbeidsplassar og andre godbitar skulle fyka ut på eit sidespor, laut Vågsøy hiva seg på i fart.