Dette innlegget er skriven av Sigurd Reksnes, fylkesleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Om Stortinget overkøyrer folkeviljen og vedtek ei tvangssamanslåing av Bremanger kommune så vil Senterpartiet oppheve denne etter valet til hausten. Senterpartiet i lag med Arbeiderpartiet har vore krystallklare på at alle tvangssamanslåingar skal opphevast. Bremanger er kanskje den kommunen i Sogn og Fjordane som tydelegast har sagt at dei vil halde fram som eiga kommune. Då må Høgre, Frp, og Venstre respektere dette og ikkje overkøyre folkeviljen og lokaldemokratiet. Bremanger kommune er rik på naturressursar, godt driven, men med store avstandar.

Dessverre så ser vi at Høgre og Frp regjeringa gang på gang ser vekk frå lokale prosessar som dei sjølv har oppmoda om og i staden slår saman med tvang i strid med folkeviljen og vedtak i kommunestyra. Trua på at sentralisering er det einaste saliggjerande har tatt fullstendig overhand. I dette tilfellet er det innbyggjarane i Bremanger som skal tvingast.