Per Gunnar Stensvaag har skrive denne kronikken:

"Tvangsgutane" og guftset frå embedsmanndsveldet

Akkurat som vi forutset at regjering og storting vernar grunnlova, skulle ein normalt tru at ein kommunalminister si fremste oppgåve var å vifta med fana frå 1837. Det var då vi fekk Formannskapslova. Den kom som ein reaksjon på embetsmannsveldet, den forhatte arven frå dansketida, og skulle sikra den lokale sjølråderetten. I staden sit det no i statsrådstolen ein mann som målar eigen suksess i kor mange kommunar han kan verta kvitt. Som sine viktigaste verkty i denne destruktive prosessen nyttar han dei reine tingingsverk av nokre konsulentrapportar, eit knippe stortingsmenn, no etterkvart namngjetne som dei sokalla "Tvangsgutane", og ikkje minst embetsverket.

I tillegg til mangesifra millionutgifter til alle utgreiingane vart det i fylka tilsett prosjektrettleiarar til å arbeida for same mål som ministeren. Eit mindre døme på pengebruken er at tre av hans favorittordførarar i Vestfold fekk 600.000 kroner for å dra på misjonsreiser landet rundt. Så er det alle dei meir eller mindre tvilsame gulrøtene. I og med at mesteparten går til å dekka erkjende omstillingskostnadar, fekk ikkje dei ynskja verknad. Det gjorde heller ikkje dei ekstra vegmillionane til dei flinkaste i klassa etter at lett dividering synte kor få meter asfalt det vart på kvar. Deretter tok statsråden verkeleg på seg spanderbuksene og delte ut to millionar i uforpliktande julegåve til kvar av dei snille kommunebarna som var så gilde at dei vedtok samanslåing før 2015 var omme. Kva hadde vi kalla slikt om det hadde hendt i ein bananrepublikk? Då heller ikkje det fekk særskilt effekt, såg han det turvande å endra inntektssystemet trass i tidlegare lovnader om at ingen skulle tapa på å seia nei. Fyrst då vart det fart på sakene. Her gjaldt det om å finna seg ein kommunal partnar, ellers vart det sveltihel. Ein nærliggande kommentar vert då: "Om samanslåing i seg sjøl var slik ein strålande idé, kvifor er det då naudsynt med økonomiske incentiv på den eine sida og trugsmål om smalhans på den andre?"

NIVI Analyse heiter byrået som Vinsand driv og eig saman med ein partnar. Samstundes som dei sprang Sanner sitt ærend kva gjeld Bremanger, la dei før helga fram tilråding for Fosenhalvøya. Det var sjølsagt inga bombe at dei gjekk inn for å slå saman alle dei 7 - sju - kommunane der oppe. 300.000 fekk dei to gigantomane apostlane for å ha pusla med den oppgåva i fire veker.

Sanner si stormtropp i Stortinget, Njåstad (Frp), Jensen (H) og Skjelstad (V), la i slutten av februar fram ei kommunal dødsliste. Så tilfeldeg utvald verka ofra at ei otte for å lida same lagnad breidde seg over landet. "Kor, mot kven og når vil dei slå til att?" 29/3 dro Tvangsgutane nordover og proklamerte storkommune i Midt-Troms. Kva betyr vel 64, 71 og 76% nei i dei tre kommunane på Senja jamvel om det i programmet til Njåstad sitt parti står at deira folk alltid skal fylgja resultata av folkerøystingar? Etter Fylkesmannen si tilråding om Bremanger er det vel lita von for anna enn at Tvangsgutane vil fylgje opp i same diktatoriske stil.

Midt oppe i det heile kunne vi så sist veke, mellom anna i Firda, lesa ein kronikk av Venstre-Tvangsguten André Skjelstad. Under tittelen "Kommunal frihet" skriv han at "folk veit best sjøl". Kor hyklerisk er det mogleg å verta etter at han samstundes er med på ei total overkjøyring av det same folket? Sanner, Fylkesmenn og Tvangsgutane ropar i kor at samanslåingsprosessane lyt koma i gong snøggast råd. Motivet er openbart. Det gjeld om at mest mogleg arbeid vert gjort for å få bordet til å fanga. Her bør ofra difor berre sitja stille i båten og i alle høve venta til Stortinget eventuelt vedtar tvangen i juni. Med sumarferie og valkamp er det deretter ikkje mykje som skjer før ei ny regjering kan reversera desse overgrepa mot folkeviljen.

Ein annan som er råka av tvangstankar er redaktøren i Firdaposten. Han oppmodar Bremanger til "å ta i mot ei utstrakt hand" frå storebrørne på båe sider og meiner det er heilt feil strategi å vona på eit regjeringsskifte. Reverseringa dei raud-grøne har lova, vil vera det verste som kan skje, skriv han, "eit politisk og utviklingsmessig steg tiår attende i tid". Redaktøren bør finna fram kalendaren. Det er berre nokre månader sidan sitjande maktapparat løp frå sine lovnadar om at reforma skulle vera basert på full og reell frivilje.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har med sine ymse "faglege tilrådingar" teikna nye kommunekart som sprikar i alle retningar, overlappar kvarandre og stemmer dårleg med terrenget. Eit unnatak var hennar vurdering om at avstanden var for stor til at Vågsøy/Flora kunne verta ei funksjonell eining, men korleis i himmelens namn kan ho meine at det vert stuttare mellom dei to kystbyane ved å tvinga inn den meir grisgrendte kommunen i mellom? Ellers oppgir ho som hovedpremiss "Kriteriar for god kommunestruktur", bokstaveleg talt alle utgreiingar si sjuke mor, laga av Sanner sine eigne handplukka ekspertar. I kraft av å vera "Amtmann" kjens ikkje hennar framferd som ei reise korkje månader eller decennier attende i tid. Nei, det er eit ovseleg gufs frå tidleg 1800-tal, frå det eingong så forhatte embedsmannsveldet.