Stig Erik Elliott hadde denne kommentaren på trykk i Fjordenes Tidende på fredag.

I skrivande stund er underteikna på konferansen Nordiske Mediedagar. Det er ein todelt konferanse: For alle som ikkje bur i Bergen og kjem reisande til opplegget, er konferansen ein studie i fyll og kollegialt sjølvskryt. For oss som er så uheldige å bu i Bergen og må heim til kjerring og ungar når dagens program er ferdig, har konferansen og ei slags fagleg målsetjing.

Eg har vore på eit føredrag om kunstig intelligens. Grunnen til at eg valde akkurat dette ut frå eit program med fleire parallelle seansar, er sjølvsagt: Når det gjeld intelligens, må eg prøva å henta påfyll der det er mogleg. Føredraget var særs interessant. Ikkje berre fordi eg truleg gjekk litt klokare ut døra enn eg kom inn, noko som i seg sjølv ikkje er heilt vanleg.

Nei, det interessante er kor langt ein no er komne med å bruka kunstig intelligens i form av datamaskiner. Washington Post, den største avisa i den amerikanske hovudstaden, brukte til dømes automatiske robotskriving av datamaskiner på alle enkle valsaker der det berre handla om å ramsa opp kven som vann kva for statar av Clinton og Trump. Datamaskinene klarte i løpet av få sekund å absorbera eit enormt talmateriale, og kunne dermed spy ut artiklar om kven av dei to som var mest populære i ulike geografiske område etc.

Eg synest dette opnar for interessante moglegheiter. Til dømes: Burde ikkje datamaskinene som skreiv artiklane om valet eigentleg stilt til val? Då kunne det henda at verda slapp å få Trump sin lubne peikefinger på den raude atomknappen. Ei lettare intelligent Microsoft-maskin er truleg på dei fleste område betre skikka til å ta avgjerder enn The Donald.

Kunstig intelligens bør òg komma til nytte her til lands. Etter mi meining er det fleire samfunnsområde som skrik etter påfyll av intelligens. Kvifor må me til dømes ein gong i veka trekkja bosspannet ned til vegen (eventuelt opp til vegen, alt etter korleis du bur). Ein kvisete programmeringsnerd måtte vel kunna koda opp eit system der bosspann tusla til vegen sjølv på eit bestemt tidspunkt og på ein fast dag.

Eg vil heller ikkje avvisa bruk av kunstig intelligens i norsk politikk. For å seia det sånn: Enkelte stader må det vel vera betre med kunstig intelligens enn ingen intelligens? Ser me til dømes på saka om kommunesamanslåing, skulle ein tru at det var algoritmestyrte datamaskiner som hadde teikna av opp kartet i Nordfjord. For det er no ein gong sånn med datamaskiner at det ikkje er alt dei får med seg.

At kommunar bør hengja i hop er vel blant dei tinga som kunne bli oversett.