Ane Barmen hadde denne kommentaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Kos deg

Har du hatt ein fin 17. mai? Eller var det heilt passeleg? Er du helst glad det er over? Fortel du det i så fall til folk?

Sosiale medium er med på skru opp forventningane våre til høgtider. Ingen deler bilete av skrikande ungar eller støvdottar i krokane, alle poserer nydeleg i bunad med store smil, flagg og eit fresht glas kvitvin i solnedgangen.

For ikkje å snakke om jul. Frå oktober blir vi innprenta at no kjem den herlegaste tida på året, og nåde deg om du ikkje gler deg, og nåde deg om du ikkje undervegs fortel alle kor fint du har det. Julekos og matkos og familiekos, no kosar vi oss, sant, folkens?

Og påska, herregud. Du skal anten til fjells eller New York og nyte dagane med skiturar eller shopping, og du skal dokumentere med bilete av det du et og gjerne ein selfie i solveggen. Du skal smile og du skal ha farge i kinna. Du skal IKKJE ligge likbleik på sofaen heime og sjå på Netflix og søle chips nedi BH-en. (Sånn eg gjorde).

Skal eg fortelje dykk noko? Det er ikkje alle som har det så utruleg koseleg i lag heile tida. Mange familiar kranglar så busta fyk i alle høgtider. Eller dei kjedar seg saman. Dei har det i alle fall ikkje dritkoseleg til alle døgnets tider. Skal eg seie endå ein ting? Det er heilt greitt.

Eg har stadig vekk kjempefine stunder saman med familie og venar. Men det skjer i regelen når eg ikkje har planlagd det. Og eg går i fella heile tida. Eg forventar at påska eller jula skal bli magisk og herleg, men svært ofte blir det berre heilt greitt. Ikkje dårleg, berre heilt OK. Men så sjekkar eg Facebook og kjenner meg mislukka fordi alle andre ser ut til å ha det så mykje kjekkare enn meg.

Men eg er med på dumskapen sjølv. Det florerer ikkje akkurat av stygge bilete av oppvask og skitentøy på Instagramen min heller. Og det er vel trass alt forståeleg at vi delar solskinsdagane og ikkje alle dei grå tysdagane når vi har krangla med kjærasten. Det er ikkje noko kjekt å vise. Og vi vil ikkje klage over det som er keisamt eller tøft offentleg.

Men eg lovar stadig meg sjølv at eg skal skjerpe meg. Vere meir ærleg på sosiale medium. Men så står eg der, då, i kvardagen min, som er heilt OK det meste av tida, men ikkje sånn sinnsvakt kul heller, og kjenner at dette er no ikkje verdt å dele?

Seinast i førre veke var leverposteiskjevene i nista mi mygla. Hamna det på Instagram? Fortalde eg verda at det var tidenes tristaste matpakke, og at eg åt det likevel?

Nei, eg delte eit bilete av eit kirsebærtre i staden. Blomar mot blå himmel. Med eit fint filter på. Det såg jo betre ut.