Referent Eiliv K. Berdal har på vegner av styret i Eid pensjonistlag og styret i Bryggja pensjonistlag sendt følgjande fråsegn frå deira fellesmøte på Nordfjordeid tysdag kveld:

Kommunestrukturen i Nordfjord

Bryggja pensjonistlag og Eid pensjonistlag har på eit felles styremøte den 27.06.17 drøfta, som ei av fleire saker, framtidig kommunestruktur i Nordfjord.  Laga ser med uro på den fragmenteringa av kommunestrukturen som er under utvikling i Nordfjord. Og då spesielt det som skjer i ytre Nordfjord.

Skal ein drøfte kommunestruktur og kommunesamanslåingar må ein først og fremst ta utgangspunkt i det som er kommunen sine primæroppgåver som: skule, velferd, eldreomsorg, helse og infrastruktur.  Det handlar om kompetanse og kapasitet som lettare kan løysast i ein større kommune, men det handlar også om nærleik til tenestene og tilgjengelegheit til tenestene for brukarane.

Ideen om ein kystkommune synes å bygge på ein tanke om at kystkommune skal vere med på å bygge eit sterkt næringsliv basert på kyst og sjønæringane. Her må ein ikkje gløyme at næringslivet heldigvis samarbeider på tvers av og uavhengig av kommunegrensene slik vi allereie ser mange døme på i Nordjord.

Pensjonistlaga meiner difor at kystkommunetanken er svak i ein kommunereformdebatt og at kommunane heller må rette fokus mot det som er deira primæroppgåver. Pensjonistlaga er difor ikkje i tvil om et ein kommune med Selje, Eid og Vågsøy vil vere meir framtidsretta i høve primæroppgåvene  og vil vere med å styrke ein felles bu-  og arbeidsmarknad i ytre og midtre Nordfjord.  Dette vil ikkje vere til ulempe for eit aktivt samarbeid med kommunane Flora og Bremanger som alltid vil vere våre gode naboar som vi  ønskjer ei god utvikling i. Utvikling av samarbeid om reiseliv og sjøretta næringar på kystlinja Stad – Flora kan gi grunnlag for positiv vekst i alle dei involverte kommunane.

Vår von er difor at politikarane i Nordfjord generelt og politikarane i Vågsøy spesielt får ein fin sommar og nyttar tida til å tenkje seg om i kommunereformprosessen. Prosessen med samanslåing av Flora og Vågsøy kommunar må reverserast og fokus må på nytt rettast mot ei samanslåing av Vågsøy, Selje og Eid.