Varaordførar Nils Myklebust (Sp) i Vågsøy har dette lesarinnlegget på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Svar til Kristin Maurstad om Kinn

Kristin Maurstad påstår at underteikna har mistru til politikarar i andre kommunar.

Sp har vore klåre på at vi ønskjer samarbeid med Flora og fleire kommunar på kysten på område der det er naturleg.

Kven var det som ikkje ville handsame invitasjonen frå Eid/Selje på ein seriøs måte sjølv om den kom seint? Var det ikkje ordførar, kvar er tilliten til naboane i dette tilfellet?

Det eg har påpeika er ordføraren og fleirtalet i kommunestyret si mistru til Vågsøy sine innbyggjararar som dei ikkje tek omsyn til. Men det vel ho ikkje å kommentere.

Sp er oppteken av å vise gjennom handlingar at vi har tru på dei tilsette i Vågsøy kommune som gjer ein framifrå jobb gjennom å yte gode tenester til innbyggjarane.

Ordførar påstår at SP ikkje har alternativ i budsjetta. Dette er feil. Sp har alltid hatt ansvarlege budsjettforslag. Også for 2017, eit budsjettforslag som ordførar påstod var urealistisk. Ved handsaming av økonomimelding 1 15. juni viste det seg at fellesforslaget frå Frp, TLV, Rødt og Sp var realistisk, kanskje litt for forsiktig. Det er mange kommunar som har fått estraløyving som ufrivillig åleine kommune, det kunne også Vågsøy ha fått. Både Ap og Sp har sagt at dersom dei får regjeringsmakt, så vil dei endre på inntektsfordelinga. Har ikkje Maurstad tillit til eige parti?

Det budsjettforslaget som ordførar stilte seg bak, har ført til opprør i kommunen, ikkje minst på Bryggja som no kan få grensejustering.

Kanskje dette går opp for ordførar etter møte med fylkesmannen nyleg.

Ordførar bekrefta tala eg brukte. Alle må vere klår over at det er nøye samanheng mellom gjeld i ein kommune og storleiken på eigedomsskatten. Gjelda i Flora vil vere på cirka 2.000 millioner, i Vågsøy cirka 712 millioner.

Når det gjeld fellesnemnda sitt ansvar, må ordførar vite at dei som representerer Vågsøy er valde for å ivareta Vågsøy sine innbyggjarar sine interesser. Flora sine representantar har tilsvarande ansvar.

Valet til nemnda handla ikkje om kjønnsbalanse, men om valet mellom to menn. Det er derfor rett å hevde at ordførar ikkje ville at fleirtalet i folket sine talspersonar skulle vere med i nemda.

Har ordførar tankar om kor mange av samarbeida Vågsøy har med dei andre Nordfjordkommunane (cirka 20) ho vil skrote til fordel for Kinn og i tilfelle kva for nokre.