Stortingskandidat Frida Melvær (H) frå Sogn og Fjordane har skrive dette innlegget:

Arbeidsløysa ytterlegare ned i Sogn og Fjordane

Arbeidsløysa er på veg ned, veksten er på veg opp og det vert skapt fleire jobbar. Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lågaste i landet, og ifølgje nye tal som nyleg vart presentert er den i dag på 1,4 prosent. Faktisk er arbeidsløysa i vårt fylke lågare no enn ved førre val, september 2013.

Dette er spesielt gledeleg, fordi det kjem etter tre tøffe år for Noreg. Halveringa av oljeprisen hausten 2014 skapte ein vanskeleg situasjon for mange enkeltmenneske som hadde sin arbeidsplass knytt til olje- og gassbransjen. 50.000 menneske mista jobben i den viktigaste næringa i Noreg. Også i Sogn og Fjordane har oljeprisfallet sett spor, om enn i mindre grad enn i fylka sør for oss. Det vil alltid opplevast tøft for dei som blir råka.

Optimismen er tilbake. Reiselivet har tre år på rad sett rekord, fiskeri- og oppdrettsnæringa har aldri gått betre og industriinvesteringane er dei høgste sidan før finanskrisa. Dette ser vi også i vårt fylke. Kvar veke les vi næringsretta medieoppslag som stadfestar at svært mykje går godt i Sogn og Fjordane.

Det vert skapt rekordmange gründerverksemder, og investeringane i kunnskap og samferdsle har aldri vore høgre. Resultatet er at arbeidsløysa går ned, og veksten går opp.

Både SSB, Noregs Bank og NAV er alle samde om at arbeidsløysa skal vidare ned, og at veksten skal vidare opp. Erik Bruce i Nordea sa fredag til E24 at «det er helt klart at det har snudd i norsk økonomi. Vi har ikkje vore tvil, men dette talet understrekar at det går betre i Norge.»

Høgre går til val på ein politikk som skal gjere det meir lønsamt å starte nye bedrifter og å skape fleire jobbar. Vi vil halde fram ei storsatsing på veg, kunnskap, forenkling for bedriftene og næringsretta forsking. Det er dette næringslivet spør etter, ikkje auka skatt på norskeigde arbeidsplassar.

Å trygge eksisterande- og å skape nye jobbar er den viktigaste faktoren for eit sterkt distrikts-Noreg. I tillegg er privat verdiskaping den viktigaste faktoren for å halde oppe dei gode offentlege velferdsordningane i landet vårt.