Jacob Nødseth (Samlingslista) er gruppeleiar i Flora bystyre og medlem av fellesnemnda i Kinn kommune. Han har dette lesarinnlegget på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Toppstillingane i Kinn kommune må lysas ut eksternt

Intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy kommunar slår fast at ingen skal seiast opp som følgje av samanslåinga. Når den administrative toppleiinga skal på plass, meiner Samlingslista like fullt at det er både riktig og viktig at desse stillingane blir lyst ut eksternt og at tilsettinga skjer på åremål.

Akkurat det meiner vi det bør leggast til rette for. Stillinga som prosjektleiar/rådmann i Kinn kommune, og stillingane nærast øvste leiar, bør lysast ut eksternt og det på ein måte som når potensielle kandidatar i heile landet.

Mange, særleg i Vågsøy, er skeptiske til Kinn kommune. Å ha ein open og grundig prosess rundt tilsettinga av den administrative toppleiinga i den nye kommunen vil slik vi ser det òg vere eit vesentleg bidrag til å sikre legitimiteten og innbyggjarane si tillit til desse nøkkelfunksjonane. Kanskje er dei beste kandidatane allereie i organisasjonane, men det er det umogleg å vite før ein ser kven som elles melder seg som søkjarar.