– Kanskje er dei beste kandidatane allereie i organisasjonane, men det er det umogleg å vite før ein ser kven som elles melder seg som søkjarar, skriv Jacob Nødseth (Samlingslista) (nr. 2 f.h.). Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim

– Kanskje er dei beste kandidatane allereie i organisasjonane, men det er det umogleg å vite før ein ser kven som elles melder seg som søkjarar, skriv Jacob Nødseth (Samlingslista) (nr. 2 f.h.). Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim

Lesarinnlegg:

Toppstillingane i Kinn må lysas ut eksternt

Jacob Nødseth (Samlingslista) er gruppeleiar i Flora bystyre og medlem av fellesnemnda i Kinn kommune. Han har dette lesarinnlegget på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

Toppstillingane i Kinn kommune må lysas ut eksternt

Intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy kommunar slår fast at ingen skal seiast opp som følgje av samanslåinga. Når den administrative toppleiinga skal på plass, meiner Samlingslista like fullt at det er både riktig og viktig at desse stillingane blir lyst ut eksternt og at tilsettinga skjer på åremål.


Nye Kinn kommune blir utan tvil ein krevjande og spanande kommune å leie. Kommunen vil ha mange tilsette, møte stadig meir komplekse oppgåver og ha tilretteleggaransvar for eit offensivt næringsliv. Både utfordringane og moglegheitene står med andre ord i kø. Å vere rådmann i Kinn kommune blir ein av dei mest interessante leiarstillingane i offentleg sektor på Vestlandet. Kommunalsjefane og stillingane tettast på rådmannen blir òg viktige funksjonar. Det bør såleis etter vår oppfatning vere høgst aktuelt for mange godt kvalifiserte personar i heile landet å søkje desse stillingane.

Akkurat det meiner vi det bør leggast til rette for. Stillinga som prosjektleiar/rådmann i Kinn kommune, og stillingane nærast øvste leiar, bør lysast ut eksternt og det på ein måte som når potensielle kandidatar i heile landet.


Kinn kommune sitt behov i 2020, er ikkje nødvendigvis det same som i 2026. Dei øvste stillingane i organisasjonen bør difor vere på åremål, med høve til forlenging, slik at det er mogleg å sikre både kontinuitet og fornying. På same måte som den politiske leiinga med jamne mellomrom har godt av å bytast ut, vil det same gjere seg gjeldande i den administrative toppleiinga.

Mange, særleg i Vågsøy, er skeptiske til Kinn kommune. Å ha ein open og grundig prosess rundt tilsettinga av den administrative toppleiinga i den nye kommunen vil slik vi ser det òg vere eit vesentleg bidrag til å sikre legitimiteten og innbyggjarane si tillit til desse nøkkelfunksjonane. Kanskje er dei beste kandidatane allereie i organisasjonane, men det er det umogleg å vite før ein ser kven som elles melder seg som søkjarar.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå