Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

No står ei ny helg for døra og noko på plakaten i dei fleste bygder i vårt nærområde. Det er ein kulturell skog i distriktet som stadig får nye greiner på ein livskraftig stamme. Også idretten er ein viktig del av den lokale kulturen. Den kulturelle skogen er minst like viktig for trivsel og opplevingar i små og store samfunn, som det regnskogen er for det globale miljøet. Men det er no ein gong slik at ingen ting kjem av seg sjølv. Heller ikkje festivalar, skodespel, fotballturneringar, dansefestar og konsertar. Alle arrangement krev at nokre stiller opp på dugnad for at mange skal få kjekke stunder og opplevingar.

Sist helg var det Strandfestival i Refvik. I den vesle vakre bygda samla Lothepus og lokale artistar rundt tusen menneske. Imponerande i ei bygd som til vanleg ikkje rekk opp til tresifra tal i folketeljingar. Også dette eit arrangement som kravde at over 100 personar stilte på dugnad for å lage til på førehand og å få gjennomført festivalen.

Tusen takk til dei mange som bruker av eiga fritid og ofte eigne midlar for å skape opplevingar for andre.