Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende tysdag:

Det er utruleg positivt at tal fiskarar aukar og at lokale fiskarar ser så positivt på framtida at dei investerer i nye sjarkar og utstyr. Som nasjon har vi forvalta den fornybare rikdomen i havet på ein klok måte med tanke på at det skal vere framtid i fiske også for komande generasjonar. Dette er med på å skape framtidstru i ei tid der oljenæringa nedbemannar og kvar einaste arbeidsplass på havet er viktig for bygdene på kysten.

Like klok som forvaltninga av fiskeressursane er ikkje seismikkaktiviteten som er planlagt i kystnære område. Det vitnar om svært dårleg timing å starte med seismikkskyting når makrellen kjem stimande inn til våre kystar. ENGIE E&P Norge skuldar på at fartøyet som skal skyte seismikk er forseinka, og at det er dette som gjer at dei må fråvike eigne planar om å skyte på ei tid som ikkje kjem i konflikt med makrellfiskarane.

Då får ENGIE vente med aktiviteten. Om nødvendig til våren. Ein fiskar som er forvist frå nære kystområde på grunn av seismikkaktivitet kan ikkje be makrellen vente fordi det har skjedd uventa hendingar. Fiskarane må hauste av havets rikdom når den er i kystnære område. Det må vere slutt på at oljerelatert næring skal gjevast fordelar på kostnad av fiskarane sine interesser. Olja ligg der den ligg til den blir lokalisert og eventuelt henta opp.

No krev Sogn og Fjordane Fiskarlag at Oljedirektoratet ikkje tillèt seismikkskyting etter 25. juli. Dette er eit krav det er lett å stille seg bak. Makrellfisket om sommaren er ein viktig del av inntekta til fiskarane og makrellfisket er med på å sikre arbeidsplassar og aktivitet på land. Når ENGIE E & P Norge ikkje greier å halde eigne tidsplanar får dei lage nye som ikkje kolliderer med fiskarane sine interesser.