Dette innlegget er skrive av regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1:

Fjord1 har løyst problem i Nordfjord

Trafikkbildet i Nordfjord etter flaumen hadde vore krevjande, om ikkje Fjord1 hadde snudd seg rundt og kunne stilt med ekstraferje Lote-Anda.

Øydeleggjingane av fylkesveg 60 over Utvikfjellet kom på eit kritisk tidspunkt. Sommartrafikken som blei flytta over på Lote-Anda skapte ekstra press på ferjesambandet. Heldigvis tok Statens vegvesen ei rask avgjerd, og Fjord1 kunne etter kort tid setje inn ei ekstraferje.

Tilsette på Fjord1 sine ferjer har ofra både ferie og fritid for å løyse eit akutt problem for regionen. Det er grunn til å vere særs takknemlege for innsatsen dei har lagt ned.

Det har tidvis vore vanskeleg forhold for ferjene, som har operert ein fjord med mykje forureining som følgje av flaumen. Dette medfører spesielt belastning på kjølesystem. Dette er ein av grunnane til at ekstraferja er blitt tatt ut av trafikk. Ved desse høva har vi sett inn ei anna ekstraferje så snart som det har vore mogleg, slik at to-ferjetilbodet er blitt oppretthalde.

På ein normal sommardag er trafikken på Lote-Anda 1.700 passasjerar og 1.500 køyretøy/2.800 personbileiningar. Etter at fylkesveg 60 blei stengt, har det til samanlikning vore 5.500 passasjerar og 3.000 køyretøy/5.600 personbileiningar dagleg. Med to ferjer over fjorden har det vore marginalt med attståande bilar, med unntak av utfartsdagar og spesielt utsett tidspunkt.

Kva ville situasjonen ha vore dersom Statens vegvesen ikkje hadde bedt om at ei ekstraferje skulle setjast inn, og Fjord1 ikkje hadde hatt eit fartøy og mannskap på plass så kjapt? Svaret er at det kva dag ville ha vore periodar med 1,5-2 timar venting og 3.000-3.500 attståande bilar.

Fjord1 har forståing for at det frustrerande for dei reisande å stå i kø, men vi meiner at vi dei siste vekene har løyst mange av problema som har oppstått i Nordfjord etter at fylkesveg 60 blei stengt.

Utan Fjord1 sin innsats hadde konsekvensane vore store for pendlarar, gjennomreisande og turistnæringa. Den kritikken som har kome frå lokale politikarar og media er feilplassert.