Dette innlegget er skrive av stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap). Innlegget stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 15. august:

Ap vil ha rettferd for pensjonistane

Dei nærare 20.000 alderspensjonistane i Sogn og Fjordane har blitt dårleg behandla av Frp/Høgre-regjeringa.

Då pensjonsforliket vart gjort, var det ingen som såg føre seg ein situasjon der pensjonistane fekk nedgang i kjøpekraft samtidig som lønstakarane fekk auke.

Likevel har det skjedd. Ikkje eitt år, men tre år på rad. Tre år med finansminister og arbeidsminister frå Frp, og statsminister frå Høgre.

Ei regjering har ekspertisen i embetsverket til rådvelde. Derfor har Ap heile vegen bedt regjeringa lage ein modell for å hindre slike utslag. Ingenting har skjedd. Til slutt måtte vi gjere det sjølv.

Med modellen som Jonas Gahr Støre har presentert no i sommar, ville ein pensjonist med 300.000 kroner i inntekt fått om lag 7.400 kroner meir i pensjon enn ho/han har fått med Frp/Høgre. Og aldri gått i minus når lønnstakarane går i pluss. I tillegg ville 9 av 10 pensjonistar fått lågare inntektsskatt med Ap sitt skatteopplegg.

Over tid vil ikkje denne modellen bli særleg dyrare for felleskassa enn den vi har no. Så det er ikkje snakk om valflesk, men sunn fornuft og føreseielege, rettferdige vilkår for pensjonistane.

Det blir rett og slett slik – om landet får ei Ap-leia regjering etter valet.