Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad og Flora-ordførar Ola Teigen (begge Ap) har skrive dette innlegget:

Vågsøy Senterparti held fram med å ta opp att påstandar om økonomiske konsekvensar for innbyggarane i Vågsøy i nye Kinn kommune i FjT på nett 30. august. Det har gjentekne gongar blitt informert om dei tema Senterpartiet tek opp, i fleire fora, men likevel held dei fram med å feilinformere.

Her er innlegget frå Vågsøy Senterparti

Nettavisen hadde same dag ei oppstilling av avgiftsnivået i alle kommunar i landet. Denne viser for ein gjennomsnittleg einebustad i 2017:

KommuneEigedomsskattKommunale avgifterÅ betale
Vågsøy38001095714758
Flora5400963715038
Selje54401309318534
Eid45001415718658

Konsekvensen i Kinn kommune blir at innbyggarane i Vågsøy får reduserte kommunale avgifter gjennom samordning av desse med Flora. Om ein var ein del av nye Stad kommune, ville innbyggarane fått ein til dels kraftig avgiftsauke.

Når det gjeld eigedomsskatten, har Flora retaksert i år. Vågsøy kan gjere det same frå 2019. Eigedomsskatten skal etter lova ta utgangspunkt i omsetningsverdi. Denne er lavare i Vågsøy enn i Flora og vil resultere i eit lavare grunnlag ved eventuell retaksering. Promillesatsen er i dag 3,1 i Flora og 4,0 i Vågsøy. Denne må vere lik i ny kommune. Senterpartiet sine utrekningar på ny eigedomsskatt for innbyggarane Vågsøy har ikkje noko fagleg belegg. Innbyggartalet har ikkje påverknad på eigedomsskatten, slik Senterpartiet hevdar. Bygg og eigedomar er avgjerande.

Når det gjeld arbeidsgjevaravgift, er dette belyst mange gonger før, seinast i Telemarksforsking sin rapport som blei presentert i kommunestyret 25. august.

Det er rett at det blir felles sats frå 2020. Som Telemarksforsking skriv, har staten ved tidlegare endringar kompensert kommunane for meirutgifter. Om dette skjer no, er ikkje avklart. Hovudpoenget er imidlertid at ESA vil vurdere det norske systemet med differensiert arbeidsgjevaravgift på nytt i 2021. Organet som skal sikre like konkurransevilkår i EFTA-området vil då måtte vurdere om det er rett at det skal vere ulike satsar innafor eit lite geografisk område som Nordfjord, med den konkurransevriding dette inneber. Belutninga om dette ligg ikkje på nasjonalt nivå, men i ESA. Senterpartiet kan vanskeleg spå betre om dette enn andre.