Måndag denne veka starta den vanskelege rettssaka i Sogn og Fjordane Tingrett mot dei tre brørne som dreiv Selje Hotel fram til den tragiske brannen i november 2016. Ikkje uventa er det knytt store forventingar til kva som kjem fram under forhandlingane som skal vare i tre veker. Og naturleg nok er det stor merksemd rundt rettssaka. Hotellsjefen, styreleiaren og kjøkkensjefen er tiltalt blant anna for å ha sett fyr på hotellet ved hjelp av loddeboltar som var kopla opp mot tidsur. Hotellsjefen har i politiavhøyr vedgått å ha sett fyr på hotellet. Dei to andre tiltalte nektar for å ha hatt noko med brannen å gjere. Men politi og påtalemakt meiner alle tre hadde ein finger med i spelet då det tok til å brenne. Påtalemakta meiner å ha gode bevis for korleis den nøye planlagde brannstiftinga vart gjennomført.

Politiet seier dei vil føre bevis for at dei tre som eigde hotellet planla brannen for å få utbetalt forsikringssummen som kunne enda opp mot 100 millionar kroner. Det er tydeleg at drifta av hotellet var ute av kontroll og gjekk med store underskot. Ut frå bevisa som politiet sit på så var hotellsjefen pressa til å tilstå brannen ut frå bevisa politiet har. Fleire lokale personar skal vitne i rettssaka. Sjølv om ein eller fleire av dei tre tiltalte blir dømde for brannen, eller medverknad til den, så er det bra at dette blir overstått no.

Det alle lurer på er kva som skjer framover med det som ein gong var eit signalbygg og ein viktig institusjon mot storhavet. Kva vil skje med ruinane? Kva vil skje med det vonde såret midt i bygda? Vil det nokon gong bli nytt hotell i Selje? Vil det nokon gong få tilbake den unike fasaden og den sjela det hadde då ekteparet Berge og mange dyktige lokale medarbeidarar dreiv det?