Det er eit eller anna med det evige husstellet som berre ALDRI TEK SLUTT som provoserer meg noko grenselaust. Men som vi veit steller ikkje ein heim seg sjølv, dessverre, så vi har alle husmorplikter.

Og i sommar stod det i nyhendene at forskarar har funne ut at ein blir lukkelegare av å sleppe husarbeid. (Kvifor nokon forresten gidd å forske på noko som alle menneske i heile verda allereie veit er meg ei gåte. Eg kunne ha fortalt dei dette heilt gratis.)

Men vi som ikkje er så rike at vi kan få andre til å gjere jobben for oss, kva med oss? Kva skal vi gjere, vi som også vil sleppe unna og bli lukkelege?

Etter mange års latskap har eg utvikla nokre triks eg tykkjer funkar bra, og eg vil no dele det med alle andre late menneske der ute. For auka livskvalitet og ro i sjela:

* Skal du ha folk på besøk, og ikkje orkar å tørke støv og alt det dritet der, er stearinlys din beste ven. Sløkk vanlege lamper og peis på med stearin. Støvet blir usynleg og alle blir penare. Vinn-vinn.

* Servér vin. Ver raus med porsjonane.

* Gidd du ikkje lage heimelaga dessert men vil framstå som flink husmor likevel? Lyg. Sei at kaka frå Kiwien er heimelaga. Ingen smakar forskjell, og viss nokon gjer det skal du syte føre å ha høflege nok vener til at dei ikkje kommenterer det.

* Meir lyst til å sjå ferdig siste episode av Åndenes makt enn å vaske do før gjestane kjem? Null stress. Det er nok å tørke av det grøvste på vasken og spegelen, og vri opp ei tvåge i grønsåpevatn og klask litt rundt på golvet. Stearinlystrikset funkar her også. Og vil du verkeleg imponere set du inn ein potteplante eller ein vase med noko blomeaktig i. Folk med blomar på do får anerkjennande blikk frå gjestar.

* Hundehår i sofaen og vondt i viljen? Kast pledd og puter strategisk utover dei verste områda og lat som om du har ein fresh bohemsk stil.

* Distraher folk og sats på stemning. Spel behageleg musikk i bakgrunnen og ha eitt eller anna som luktar godt, det vere seg mat eller luktlys. Set roser på bordet.

* Er du skikkeleg desperat: gå med outrerte antrekk og dans rundt gjestane. Det siste er kanskje noko urovekkande for besøket, men har dei tid til å sjå etter hybelkaninar under bordet medan du framfører moderne dans rundt dei? Neppe.

* Og viss ingen ting av dette funkar, og venane dine framleis kommenterer støv og hundehår og rot: berre slutt å be dei på besøk. Livet er for kort til sure folk og plettfrie heimar.