Lesarinnlegg frå Kjølsdalen bygdekvinnelag:

Det du har på middagsfatet ditt har ringverknader som strekker seg langt utover det enkelte måltidet. Difor vil vi i Kjølsdalen Bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker.

For det første bør vi ete meir grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøking slår fast at ein av fire har overvekt, og at eit mindretal av den vaksne befolkninga er normalvektige. Å auke inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst. Fem om dagen kan førebygge overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft.

For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsakproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. I tillegg har vi gode føresetnader for å dyrke grove grønsaker som kål, løk og rotgrønsaker i Noreg. Med rett lagring er dei haldbare i mange månadar, og etast året rundt. Ved å velje desse, og andre typar norske grønsaker, kan du bidra til å redusere unødig lange transportetappar frå jord til bord med tilhøyrande klimabelastning.

For det tredje bør ein velje norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. FN sine berekraftsmål seier, blant anna, at vi skal jobbe for betre ernæring og fremme berekraftig landbruk. Noreg kan bidra ved å produsere mest mogeleg næringsrik, trygg og god mat til eigen befolkning med utgangspunkt i våre naturgjevne føresetnadar.

Måndag 16. oktober er det Verdens matvaredag, og vi i Kjølsdalen Bygdekvinnelag vil bruke dagen til å feire de norske grønsakene. Dette vil vi gjere ved å ha stand utanfor Bunnpris Bryggja. Vi deler ut oppskrift på Bygdekvinnelaget si nye grønsaksuppe, grønsaker så langt det rekk og er klar til hyggeleg samtale om norske grønsaker.

Om du, som oss, er opptatt av å ha sunn mat som er norsk og kortreist inviterer vi deg til å vere med, sei Ja til norske grønsaker!